Skuleskyss

Beskriving

Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du òg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

Oppdatert

24.05.2017 14:07

Kriterium

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk.

Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
  • Elevar med funksjonshemming 
  • Elevar som er mellombels skadde eller sjuke

Pris

Skuleskyss er gratis.

Handsaming

Fylkeskommuen/kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Handsamingstid

Fylkeskommunen/kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Mottakar

Det er fylkeskommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skuleskyss. Dette gjeld likevel ikkje om du er elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg veg. Da er det kommunen som har ansvaret og som avgjer om du har rett til skyss.

Referansar

Sist endra 17.08.2017

Kontaktinformasjon

Tore Flottorp

Leiar oppvekst
Telefon :37 18 52 19
Mobil :950 89 697
E-post :tore.flottorp@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering