Skulefritidsordning (SFO)

Beskriving

Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.

Oppdatert

29.09.2017 16:14

Målgruppe

Elevar i grunnskulen som er busette i kommunen

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Referansar

Sist endra 02.01.2018
Fant du det du leita etter?
Login for redigering Login for redigering