Eigedomsskatt

Åmli kommune har vedtatt innføring av eiendomsskatt for alle faste eiendommer etter eiendomsskattelovens § 3 a fra og med 2013.
Det er sakkyndig nemnd i Åmli kommune som har ansvaret for takseringsarbeidet. Sakkyndig nemnd og sakkyndig ankenemnd er politisk valgte nemnder.
 

Kommunestyret fatta følgjande vedtak 15.12.2016:

Verkeområde

For eigedomsskatteåret 2017 skal det skrivast ut eigedomsskatt i heile kommunen, jfr eskl §3 første ledd bokstav a).

Eigedomsskattesats

Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2017 er 7 promille jfr eskl § 11 første ledd.

For bustader/fritidsbustader med tomt til desse, samt ubygde tomter til dette formål, settast eigedomsskatten til 4 promille, jfr eskl § 12.

Botnfrådrag

Alle sjølvstendige bustaddelar skal ha eit botnfrådrag på NOK 200 000 som trekkast frå takstgrunnlaget, jfr eskl § 11 andre ledd.

Takstvedtekter

Takstvedtekter for eigedomsskatt i Åmli vedteke i K-sak 12/49 og 13/32 skal gjelde for eigedomsskatteåret 2017, jfr eskl § 10.

Terminar

Skatten innbetalast i 3 terminar, jfr eskl § 25 første ledd.  Innbetalinga skal skje i samband med kommunen sine andre kommunale avgifter. Skatt mindre enn kr 1 000 fakturerast i eit beløp i første termin.

Takstar

Utskrivinga av eigedomsskatten for 2017 vert basert på takstar ved siste alminnelege taksering gjeldande frå 01.01.2013 med tilleggstakseringar av nye skatteobjekt etter denne dato.

Fritak frå eigedomsskatt

I eskl § 5 går det fram kva for eigedomar som skal fritakast for eigedomsskatt.

I eskl § 7 går det fram kva for eigedomar kommunestyret kan frita heilt eller delvis for eigedomsskatt.
For skatteåret 2016 vert eigedom eigd av stiftelsar og institusjonar med ålmennyttige formål friteke for eigedomsskatt på bakgrunn av søknad til eigedomsskattekontoret, jfr eskl §7, bokstav a.
Fritaket skal gjelde ut inneverande alminnelege takseringsperiode.
Eigarar av eigedom, i tråd med ovannemnde formål, som tidlegare har søkt og fått fritak vert òg friteke for eigedomsskatt ut inneverande alminnelege takseringsperiode utan å måtte søke på nytt.

Det same gjeld for eigedom av historisk verdi, jfr eskl § 7, bokstav b.

Nytt nest siste pkt. I medhald av eskl § 7, bokstav c vert bygningar som er starta bygd etter 12.12.2013, og som heilt eller i nokon mon vert nytta til heilårsbustad eller fritidsbustad, friteke frå eigedomsskatt  i 10 år rekna frå 01.01 året etter at byggeløyvet er gitt.

I medhald av eskl § 7, bokstav d vert ubebygd område på Homdrom Austhei som omfattast av byggeforbod i tråd med gjeldande kommuneplan friteke for eigedomsskatt.  
 

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål eller innspill om eiendomsskatt kan du kontakte eiendomsskattekontoret på følgende måte:

Post:                        Telefon:                E-post:
Åmli kommune          37 18 52 12          Eskatt@amli.kommune.no
Eiendomsskatt
Gata5
4865 Åmli

VIKTIG
Merk alle skriftlige henvendelser med:
• Navn
• Telefon hvor vi kan treffe deg på dagtid
• Gårds- og bruksnummer og/eller veiadresse

Bilde av uthus på Harstveit i Gjøvdal - Klikk for stort bilete

Sist endra 23.01.2017

Kontaktinformasjon

Vidar Kyrdalen

Økonomisjef
Telefon :37 18 52 12
Mobil :952 72 760
E-post :vidar.kyrdalen@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering