Avtalegiro og elektronisk faktura

Åmli kommune tilbyr Avtalegiro og elektronisk faktura på dei fleste av sine tenester.

Avtalegiro


Avtalegiro er ein avtale mellom kunden og kundens bank, og kan kun opprettast av kunden sjølv. 
Ein kan lage avtalegiro ved å gi beskjed til banken eller direkte i nettbanken når ein betaler ein faktura.

Ved avtalegiro trekkast beløpet på kunden sin konto på forfallsdato.  Det føresettast dekning på konto og høgt nok grensebeløp.

Avtalegiro sendast kunden, men er sladda i betalingsfeltet og skal dermed ikkje betalast i bank/nettbank i tillegg til trekket som vert gjort.

Ved avtalegiro mottek kunden rekning i posten og er dermed gebyrbelagt med kr 45 pr. faktura..

Elektronisk faktura


Både privatpersonar og næringsdrivande kan nytte elektronisk faktura.
For privatpersonar vert elektronisk faktura omtalt som eFaktura og for næringsdrivande EHF-faktura.

eFaktura  inneber at du får fakturaene tilsendt i nettbanken i staden for papirformat i postkassa. Avtalen opprettast i kunden sin nettbank.
EHF-faktura vert sendt kunden elektronisk på bakgrunn av registrering i Elektronisk mottaksregister (ELMA). Fakturaen sendast kunden ut frå dei opplysningane  kunden har registrert i ELMA.

Både eFaktura og EHF-faktura er friteke for fakturagebyr.

For ytterlegare informasjon sjå: www.anskaffelsar.no

Sist endra 13.01.2016
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Liv Tande

Konsulent økonomi
Telefon :37 18 52 10
E-post :liv.tande@amli.kommune.no

Vidar Kyrdalen

Økonomisjef
Telefon :37 18 52 12
Mobil :952 72 760
E-post :vidar.kyrdalen@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering