Rettsvesen

Her finn du litt informasjon om aktuelle instansar innan rettsvesenet.

Konfliktråd

Konfliktrådet har til oppgåve å megle i konflikter som oppstår på grunn av at ein eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap e.l. Partane skal sjølv aktivt bidra til å finne ei løysing. Eksemppel på saker som kan behandlast i konfliktrådet, er nabo- og familiekonflikter og mindre alvorlege lovbrot.
 

Forliksråd

Forliksrådet blir brukt for å løyse tvistar i mange saker. Det kan for eksempel dreie seg om kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningstilhøve.
 

Fri rettshjelp

Har du dårleg økonomi og treng juridisk bistand, kan du søke om fri rettshjelp. Dette betyr at staten heilt eller delvis dekker dine utgifter til advokatbistand samt at du får fri sakførsel i retten. 

Sist endra 21.08.2014

Kontaktinformasjon

Informasjonssenter Rådhuset

Telefon :37 18 52 00
E-post :post@amli.kommune.no
Artikkel (1)
Login for redigering Login for redigering