Trygdebustad

Ein trygdebustad er ein bustad som er tilpassa eldre og uføre. Bustaden er tilrettelagt slik at brukaren kan ta imot omsorgstenester etter behov. Bustaden er bebuaren sin eigen heim.

Bebuaren betalar husleige og mottek heimetenester på same vilkår som for andre heimebuande.

Målgruppe

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre.

Kriterium

Kommunen tildeler trygdebustad etter vedtekne reglar.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket.
Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen.
Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgsbustad, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt.

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Aktuelle lovar:


Sist endra 04.11.2012

Kontaktinformasjon

Laila Nylund

Leiar helse- og velferd
Telefon :37 18 52 82
Mobil :992 11 769
E-post :laila.nylund@amli.kommune.no
Artikkel (1)
Tenesteomtale (1)
Login for redigering Login for redigering