Følgjekort

Følgjekort (på bokmål: ledsagerbevis) skal gi funksjonshemma eller andre med stort behov for følgje eller assistanse same moglegheit som resten av befolkninga til å delta på kultur- og fritidsaktivitetar som kino, idrettsarrangement, teater, konsertar, symjehall eller å reise kollektivt.

Følgjekortet skal gjere kultur- og fritidstiltak meir tilgjengeleg, for å førebygge sosial isolasjon og bidra til auka livskvalitet.

Den som har følgjekort betaler sjølv sin inngangsbillett, medan følgjar kjem inn gratis.

Kven kan søkje?


Målgruppene for ordninga er:

  • Dei med fysisk funksjonshemming
  • Dei som er utviklingshemma
  • Dei som har ei psykisk lidingar
  • Dei som har samansette/andre funksjonshemmingar
  • Det blir ikkje tatt omsyn til søkjaren sin økonomiske situasjon, eller søknader som har ein økonomisk grunngjeving. Ordninga omfattar ikkje korttidssjuke.

Kriteria for å få følgjekort


Det må ligge føre eit opplagt behov for følgje, støtte og tilsyn der det er naudsynt med følgje.

Følgjekort blir tildelt uavhengig av kor ofte det er aktuelt å gjere bruk av kultur- og fritidsaktivitetane.

Ordninga er ikkje knytt opp til om vedkomande trygda.

Kor skal ein søkje?


Søknadsskjema (PDF, 72 kB), fyllast ut og sendast til: 

Åmli kommune
Gata 5
4865  ÅMLI

Kor kan ein bruke følgjekortet?


Følgjekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller insitutsjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Sjå etter symbolet for følgjekort ved inngangen.

Stadig fleire kommunar og institusjonar innfører no følgjekortordninga. Her er nokre av dei stadene du kan bruke følgjekort:

Nasjonalt:

  • Norges idrettsforbunds arrangement
  • Riksteatret
  • Rikskonsertene
  • Riksfergene
  • NSB/tog 50% for den funksjonshemma, 50% for ledsger på full pris
  • Norlandia-hotella, følgjar gratis i dobbeltrom med frukost
  • Alle som mottar økonomisk støtte frå Kulturdepartementet til kulturformidling med billettsal
  • Kongeparken i Stavanger
  • Tusenfryd i Oslo
  • Hunderfossen Familiepark
  • Maihaugen på Lillehammer
  • Sommarland i Bø i Telemark
  • Sirkus

Regionalt:

  • Dyreparken i Kristiansan
  • Kommunar i Aust-Agder som har innført følgjekort: Arendal, Birkenes, Evje og Hornes, Gjerstad, Grimstad, Lillesand, Risør, Tvedestrand og Åmli
  • Kommunar i Telemark som har innført følgjekort: Bø, Bamble, Drangedal, Nissedal, Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nome, Notodden, Porsgrunn, Sauherad, Seljord, Siljan ,skien, Tinn, Tokke og Vinje. 

Lokalt (i Åmli kommune):

  • Symjebasseng
  • Bygdekino
  • Elvarheim museum
  • Alle arrangørar som mottar kulturmidlar frå kommunen

Du må undersøke sjølv


Lista over dei som mottar følgjekort her er ikkje utfyllande. Dersom du er i tvil, bør du ta direkte kontakt med den institusjonen du ønskjer å besøke for å høyre om denne tar følgjekort.

Val av følgje


Den funksjonshemma kan sjølv bestemme/velje følgje, til eksempel: venn, familiemedlem, støttekontakt.

Retningsliner


Statens råd for likestilling av funksjonshemmede har utarbeid retningsliner med utfyllande merknader.

Sist endra 07.01.2016
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering