Næringsareal og lokale

Åmli kommune søker å ha tilgjengelege næringsareal til ulik type næringsverksemd. Dette skal være areal som passer til nyetableringar og eksisterande bedrifter i vekst som ønsker utvidingar.

Næringsarealer

Åmli kommune har eigne areal som er spesielt regulert og tilrettelagt for næring.

Åmli Næringspark – mest eigna for større industrietableringar og spesielt gode vilkår for skog- og trebaserte industrielle bedrifter. Reguleringsplanen for arealet er nyleg vedtatt. Arealet er kommunalt eigd og er under opparbeiding/tilrettelegging.

Engenes Næringspark – sentrumsnært kommunalt eigd areal med positiv utvikling. Veleigna for bedrifter som baserer seg på IT og dei tilsette sine kunnskapar, og på direkte besøk frå kundar. Ny reguleringsplan er under utarbeiding og kommunestyret har sett nye tomtesal her litt på vent i påvente av reguleringsplanen.

Hegna Næringspark - har også kommunale areal for næringsverksemd og er sentrumsnært. Dette arealet er avsett til meir ruvande og større bygg.

Stigvassmoen - eit privat areal som i kommuneplanen er avsett til næringsbygg og –etableringar. 3 km avstand til sentrum og med god vegforbindelse.

I kommuneplanen er det og opna opp nokre mindre grendevise område for mindre etableringar. Områda ligg på Selåsvatn, Nelaug, Simonstad og Gjøvdal. Desse areala er ikkje tilrettelagt med utbygd infrastruktur.

Næringslokale/-utleigebygg

I Veksthuset i Engenes Næringspark er det ledig moderne, gode og rimelege kontorlokale i samlokalisering med fleire mindre bedrifter. For nærare informasjon ta kontakt med dagleg leiar Kristin Mood på tlf 947 91 212.

Åmli kommune har hatt god suksesss med å delta i etablering av næringsutleigebygg. Modellen som blir brukt er at kommunen, Aust-Agder Næringsselskap AS og leigetakar går inn med aksjekapital i eit selskap som har som formål å oppføre eit bygg som er tilpassa leigetakar sitt behov. I Engenes Næringspark er ført opp 5 bygg (det 5. byggast i 2012-2013) etter denne modellen.


Multicom bygget - Klikk for stort bilete

Sist endra 05.12.2014

Kontaktinformasjon

Kristin Mood

Leiar samfunn
Telefon :37 18 52 53
Mobil :947 91 212
E-post :kristin.mood@amli.kommune.no
Kristin Mood
Login for redigering Login for redigering