Utdeling av kulturmidlar

Kulturmidlar til lag og organisasjonar i Åmli er fordelt på aktivitets- og driftsstøtte, prosjektmidlar, investeringsstøtte og etableringsstøtte. Søknadsfristen er satt til 1. april.
Det er ikkje høve til å søke om midlar andre tider på året. Kvart år blir søknadsfristen annonsert på heimesida til kommunen, i ÅmliAvisa og på Åmli kommune si Facebookside.

Alle lag og organisasjonar i Åmli kan søke om kulturmidlar unntatt lag/foreiningar/ organisasjonar som har tilnyting til politiske parti, arbeids- og næringslivsinteresser og/eller driver med verksemd knytt til slike felt.

Retningslinjene for Åmli kommune sine kulturmidler (PDF, 2 MB)

Søknadsskjema:

Åmli kommune prioriterer lag- og organisasjonar som har mange barn og ungdomar som medlemmar.

Aktivitets- og driftsstøtte
Aktivitets- og driftsstøtte skal gå til den ordinære drifta av laget. Drift er dei ordinære utgiftene som lag/organisasjonen har kvar veke, kvar månad, eller til årlege arrangement. Formålet med aktivitets- og driftsstøtta er å motivere og stimulere lag- og organisasjonar til aktivitet.

Prosjektmidlar
Prosjektmidlar skal berre brukast til prosjekt, og ikkje til ordinær drift, eller til investering.
Prosjektmidla skal i all hovudsak gå til prosjekt for barn og unge, eller der innhaldet er retta mot barn og unge. Det vil sei at midla kan gå til trenarkurs, leiarkurs eller anna opplæring for barn og unge, eller for dei som skal leie eller trene barn og unge.
For å få prosjektmidlar må prosjektet vere tidsavgrensa, og utviklande for laget.

Investeringsstøtte
Investeringsstøtte skal brukast til investeringar som går ut over den normale drifta i eit lag/organisasjon.
Med investeringar meines for eksempel reperasjonar av bygningar, kjøp av større utstyr og liknande. Investeringsstøtte gis til investeringar som er nødvendige for å oppretthalde eller utvikle eit lag eller organisasjon sin aktivitet, og skal ikkje gis til ordinær drift av laget eller organisasjon.

Etableringsstøtte
Lag/organiasjonar som er nyoppretta kan søke om etableringsstøtte. Etableringsstøtta er på minimum kr. 2.000,-

Sist endra 29.04.2014

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering