Tilskotsordningar


Tilskot til lag og organisasjonar

Lag og organisasjonar som er registrert med medlemmar i Åmli kan kvart år søke Åmli kommune om kulturmidlar. Fristen er satt til 1. april. Nyetablerte lag kan søke om etableringsstøtte på kr. 2000,-. Alle lag kan søke om aktivitets- og driftsstøtte. Det er også høve til å søke om prosjektmidlar, investeringsstøtte, arrangementsstøtte/underskotsgaranti og tilskot til musikktiltak for barn.  

Les meir og finn søknadsskjema
 

Fylkeskommunale tilskotsordningar:
 

Tilskot til friluftstiltak, lokale midlar

Lag og organisasjonar og kommunar kan søke Aust-Agder Fylkeskommune om midlar til tilretteleggingtiltak som betrar moglegheitene for bruk av friluftsområde, skjøtsel av regionale friluftsområde og aktivitetar og tiltak  som bidrar til betre informasjon om aktivitetar. Søknadsfristen er 1. februar.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: http://www.austagderfk.no/tjenester-og-fagfelt/naturforvaltning-og-friluftsliv/tilskudd-til-friluftstiltak---lokale-midler/

Tilskot til friluftstiltak, statlege midlar:

Lag og organisasjonar lokalt og regionalt, samt kommunar og friluftsråd kan søke om statlege midlar som Aust-Agder Fylkeskommune forvaltar til friluftstiltak. Formålet med tilskotsordnigna er å medverke til auka deltaking i helseremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga. Prioriterte tiltak er:

  • Aktiviteter som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
  • Tiltak som blir gjennomført i nærområdet - særleg med vekt på byar og tettstader.
  • Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar.
  • Tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, f.eks. personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar.
  • Tiltak som legg til rette for lågterskeltilbod for grupper som ikkje alt er aktive.
  • Tiltak i samarbeid med Friluftslivets år 2015.
  • Tiltak som fremjar innlandsfiske som  friluftslivsaktivitet.
  • Tiltak som medverkar til å synliggjere og formidle kulturminne som opplevings i friluftsliv.

Søknadsfrist er 1. februar.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her: http://www.austagderfk.no/tjenester-og-fagfelt/naturforvaltning-og-friluftsliv/tilskudd-til-friluftstiltak---statlige-midler/

Søknad om tilskot til kulturminnevern

Tilskotsmidlar skal i hovedsak nyttast til å sette i stand freda bygg, men også andre bygg av verdi kan få tilskot. Mange bygg med kulturhistorisk verdi er verken freda eller regulert til bevaring. Det er høve til å få støtte til konkrete restaureringstiltak av alle typer. Støtte skal først og fremst gis til dekning av faktiske merutgifter som følgje av ei istandsetting etter kulturhistoriske prinsipp. Ordinære vedlikeholds- og skjøtselstiltak fell i regelen utenom. Etter utført arbeid må rapport sendes til fylkeskommunen.

Retningsliner for tilskot til kulturminnevern

Søknad om støtte til immaterielt kulturvern

Immaterielt kulturvern er ivaretaking av kunnskap om handverk, teknikk og historie, og alle typar "bakgrunnshistorier. Aust-Agder fylkeskommune gir støtte til formål og aktivitetar som fremjer immaterielt kulturvern. Søknadsskjema. (Søknadskjema om støtte til kulturformål).

Spelemidlar

Fylkeskommunen forvaltar spillemidlar til ordinære anlegg, nærmiljøanlegg og nærmiljøanlegg forenkla ordning - samt friluftsanlegg på vegne av Kulturdepartementet.

Søknadsskjema og retningsliner ligg på nettsida til Kulturdepartementet. 

Spelemiddelsøknad sendes elektronisk via den kommunen anlegget er fysisk.

Søknad om spelemidlar sendes til kommunen innan 1. oktober for kommande kalenderår. Åmli kommune sendar deretter søknadene til fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Fylkeskommunen handsamar søknadene og oversendar grunnlag for søknad til Kulturdepartementets idrettsavdeling (KKD) innan 15. mars kvart år. Kulturedepartementet gir melding om tildelt ramme innan 1. mai kvart år. I Aust-Agder får søkarar av spelemidlar tilsagns- eller avslagsbrev for omsøkte anlegg andre halvdel av mai månad.

For ytterlegare informasjon om ordninga kontakt Fylkeskommunen v/Nils André Gundersen tlf. 37 01 74 90.

Sandvolley - Klikk for stort bilete

Sist endra 18.02.2015

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering