Åmli kulturskule

Åmli kulturskule held til på kulturloftet i 2. etasje over Åmli bibliotek, og har også undervisning på Elvarheim, speilsalen på vgs. og Dølemo oppvekstenter. Vi har fem lærarar og rundt 80 elevar i alderen 6-18 år. Vaksne blir tatt opp dersom det er ledige plassar.

Dei tilsette i kulturskulen er:

Laszlo Istenes: sang, piano, saksofon, irsk fløyte, bass, kor, korps, band. Telefon: 94822152 eller 37082126

Freddie Andeassen: gitar, piano, slagverk, band. Telefon: 92039109

Jarle Hagane: fiolin og hardingfele. Telefon: 41760572

Salve Kallevig: piano, gitar, ukulele, mandolin, bass, trekkspel, musikkgrupper. Telefon: 91100356 eller 37082126

Emilie R-B Sivertsen: dans og drama. Telefon: 97079153 

Malen Erichsen: kunst. Telefon: 48066113 

Tonje Ramse Trædal: kulturskulerektor. Telefon: 92629512

Skuleåret 2018/2019 tilbyr vi undervisning i:Kulturskulen - Kim Spelten - Klikk for stort bileteKulturskulen - Kim Spelten Åmli kommune

  • Piano
  • Gitar
  • Ukulele
  • Mandolin
  • Trekkspel
  • Bass
  • Saksofon
  • Irsk fløyte
  • Sang
  • Fiolin og hardingfele
  • Slagverk
  • Dansegrupper:
    Barnedans (5-8 år)
    Showdans (9-12 år)
    Street Jazz (13-18 år)
  • Teatergruppe (8-18  år)
  • Kunstgrupper
  • Kunst 1.-4. klasse
  • Kunst 5.-7. klasse
  • Kulturkarusell (1.-3. klasse). Eitt år pr elev. Gir forrang ved søking på andre fag.

Skuleåret følgjer skuleruta

Udervisningstidspunkt i musikk blir avtalt direkte med lærarane.

Prisen for ein elevplass er 1350 kr pr. halvår, fordelt på to betalingar i semesteret.
Det er 25% rabatt for søsken og for deltaking i fleire fag.
Instrumentleige er 300 kr i året.

Vi har løpande opptak. Ved utmelding i løpet av året blir det fakturert t.o.m. siste kvartal.

Innmelding og utmelding skjer via
elektronisk søknadsskjema

 

Kulturkarusell:
karusell - Klikk for stort bilete Dette er eit tverrfagleg, gratis tilbod innanforbreiddeprogrammet i kulturskulen. Tilbodet gjeld for elevar frå 1.-3. klasse. Kulturkarusellen er kvar onsdag mellom kl.12.15 og 13.15 i 020-rommet på skulen. Den første halvtimen blir det teaterleik for alle. Deretter blir elevane delt i tre grupper på fire elevar i kvar, og får undervisning i musikk, kunst og dans på omgang. I løpet av året får elevane smakebitar på alle fag og ulike emne i kulturskulen. Undervisninga er på nybegynnarnivå, og det er ikkje krav til øving/heimearbeid. Tilbodet gjeld i 1 år pr elev. Dei som har gått på kulturkarusell for forrang ved søking på andre fag seinare.

Emilie R-B Sivertsen underviser i dans og teaterleiken. Malen Ericsen har kunstundervisninga og Salve Kallevig musikkundervisninga. 

Vi har plass til maksimalt 12 elevar. Dersom det er fleire påmelde, vil elevane i dei lågaste klassene bli prioritert.

Drama:
Det er dramagruppe på Elvarheim onsdagar frå kl. 15.15-16.30 for alle frå 8 til 18 år. Vi jobbar med teaterleik og ein større oppsetning kvart år.

Dans:

Barnedans er dans og moro. Barna lærer å bevege seg til musikk, dansens disiplin og grunnteknikk i ballett. Alder:5-8 år. Gruppa er delt i to, og begge øver i speilsalen på Åmli vgs. Teaterleik 1: onsdag kl. 16.45-17.30. Teaterleik 2: onsdag kl. 17.30-18.15. Tøy: valfritt med ballettdrakt, strømpebukser og ballettsko eller bevegeleg bukse/tights, topp og sokkar som ikkje sklir.

Showdans er ei blanding av ulike dansestilar. Det blir undervisning i grunnteknikk frå ballett og koreografi frå jazz og moderne dans. Alder: 9-12 år. Tidspunkt: onsdag kl. 18.45-19.30 i speilsalen på Åmli vgs. Tøy: valfritt elastisk tøy og ballettsko/sokkar som ikkje sklir.

Street Jazz er undervisning i mange ulike dansestilar innanfor hiphop, break og funk med mange kule trinn og bygging av styrke. Alder: 13-18 år. Tidspunkt: onsdag kl 19.30-20.30 i speilsalen på Åmli vgs. Tøy: valfritt, f.eks. joggebukse og t-skjorte. Skotøy: joggesko (innesko).

Hugs å ha med drikkeflaske.

Kunstgruppe 

Vi har to kunstgrupper som øver på kulturloftet (2. etasje over biblioteket) kvar onsdag. Tema er alt frå teiking og maling til foto og keramikk. Delar av undervisninga vil ved behov gå føre seg på Åmli skule. Kunstgruppe 1 er for 1.-4. klasse onsdagar kl. 13.30-14.30. Kunstgruppe 2 er for 5.-7. klasse onsdagar kl. 15.30-.16.50. 

Kunstgrupper 2 er tre gonger pr. månad. Oppsett på datoar kjem.

Band/samspel:
Enkelte av dei eldre elevane får tibod om å spele saman i band. Lærarane vil setje saman banda, og elevane vil få ein kombinasjon av individuell undervisning og samspel. I tillegg får banda i kulturskulen tilbod om 1 times gratis bandundervisning i veka med Keith Austin i den gamle rockeverkstaden i Åmlihallen.

Talentprogram:
Kulturskulane i Aust- og Vest-Agder har eit felles talentprogram for sine elevar gjennom lørdagsskolen. Ta kontakt med lærarane eller rektor for meir informasjon.

Seminar:
Elevane vil få tilbod om enkelte helgeseminar i løpet av året, slik som Stryk på sørlandet og/eller seminar i eigen regi.
 

Vi ønskjer velkommen til eit triveleg og kreativt år i kulturskulen!
 

Kulturskulen - Åsne Nylund - Klikk for stort bileteKulturskulen - Åsne Nylund Åmli kommune

Sist endra 15.06.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering