Idrett

Åmli kommune har i dag mange nye og gode idrettsanlegg. Det er verdt å legge merke til at kommunen har eigen skeisebane, symjebasseng tilrettelagt for funksjonshemma, idrettshall, mange flotte turstiar og skiløyper, i tillegg til tennisbanar og sandvolleyballbanar. I 2013 tas den nye kunstgressbanen ved Åmli VGS i bruk.
Den mest spektakulære idrettsopplevinga ein kanskje kan oppleve i Åmli, er å klatre i Via Ferrata i fantastiske Trogfjell. Vel oppe på toppen kan ein nyte utsikten over Åmli sentrum.
 

Den organiserte idretten og breddeidretten


I Åmli finnes det tre aktive idrettslag: I.L. Dristug, I.L. Vardild og Dølemo I.L. Desse idrettslaga har tilbod innan mange ulike idrettar og aktivitetar både for barn, unge og vaksne. Til saman aktiviserar idrettslaga omkring 500-600 menneske. Dette er om lag ein 1/3 av innbyggarane i Åmli kommune!

Laga tilbyr aktivitetar som: sykling, skøyter, fotball, volleyball, langrenn, gubbetrim, og barneidrett.

I.L. Dristug
Dølemo I.L.
I.L. Vardild

I kommunen er det og 3 skyttarlag tilslutta Det Frivillige Skyttervesen (DFS), Åmli Skyttarlag, Gjøvdal Skyttarlag og Dølemo Skyttarlag. I tillegg finnes det ein pistolklubb, Åmli Pistolklubb som er tilslutta Noregs Skyttarforbund (NSF). Åmli Jeger og Fiskerforeining som er tilslutta Noregs Jeger og Fiskerforbund (NJFF).
Skyttarlaga tilslutta DFS driv med bane- og feltskyting med rifle og arrangerar sorviltprøva. Pistolklubben tilslutta NSF driv med bane- og feltskyting med pistol og Åmli Jeger og Fiskerforeining har tilbod innan jaktskyting med hagle og rifle.

Idrettslag og skyttarlag kan saman med andre lag og organisasjonar i Åmli kommune søke om aktivitets- og driftsstøtte, investeringsstøtte og prosjektmidlar kvart år. Idrettslaga i Åmli kommune har i tillegg til dette fleire andre støtteordningar, som tilskot til arbeidskraft, tilskot til køyring av skiløyper, refusjon av strømutgifter osv.

Alle lag og organisasjonar i Åmli kan leige Åmlihallen til trening og arrangement gratis.  

Plan for idrettsanlegg, fysisk aktivitet og friluftsområde i Åmli kommune (PDF, 4 MB)
 

Tilbod om idrett på videregåande skule


Tvedestrand og Åmli videregående skole, avd. Åmli ligg i Åmli Sentrum. Skulen tilbyr idrettsfag, samt helse og sosialfag. Idrettsfaget er eit 3-årig skuletilbod som gjer generell studiekompetanse. Skulen kan tilby elevane fleire ulike linjer. For elevar som ønsker å satse på ei idrettskariere har skulen tilbod om volleyball og uthaldenheit som på toppidrettslinja. Det er også mogleg å gå linjer som fokuserer på friluftsliv eller breddeidrett.

Kvart år arrangerar skulen 58,5 grader nord. Skolens eige adrenalinfylte arrangement for alle 10. klassingar i Aust-Agder. 58,5 grader Nord blir arrangert kvar haust, og er ein lagkonkurranse. Laget skal ta seg gjennom ei løype med innlagte poster, der totaltida over to dagar blir estimert på bakgrunn av brukt tid og innsats på postane. Konkurransen er kjempepopulær og de fleste skulene i Aust-Agder stillar med lag.

Sist endra 21.08.2014
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering