Friluftsliv

Åmli kommune er ein stor innlandskommune på heile 1130 km2. Det er mange vatn og vassdrag i Åmli og desse utgjer 64 km2. Langs elv er det ei strandlinje på 1620 kilometer, og langs vatn ei strandlinje på 397 kilometer. Det er med andre ord god plass til mange ulike fritidsaktivitetar utan at dei kjem i konflikt med kvarandre. Åmli har store heiområde som stort sett ligg under skoggrensa (700-800 moh), høgaste topp er Trongedalsnuten (929 moh) mellom Tovdal og Gjøvdal. Kommunen har fleire verna områder, blant anna Årdalen naturreservat, som grenser mot Rukkevatn naturreservat (begge barskog) og Furubuhei myrreservat. Heiene i Åmli brukast som beitemark for sau, og om hausten og tidleg vinter er det mange som jaktar elg, rådyr, hare m.m. Om vinteren blir heiene brukt til skigåing.

Naturen i Åmli kan tilby opplevingar gjennom heile året. Frå januar til mars med ski på beina, på til dømes Tveitheia eller Hillestadheia. Om sommaren med bading i Nelaugvatn eller på badeplassen til Mosberg Vel. Lange turar innover Gjøvdalsheiene i juli/august på leiting etter molter. Fisking i Tovdalselva, Gjøv eller Skjeggedalsåna i september. Soppturar, tyttebærtur eller jakt i september, oktober og november, før det igjen er på tide å finne fram skia…

Innbyggarane i Åmli er stort sett flinke til å nytte den fantastiske naturen som omgjer dei. Trogfjellstien er eit av dei aller mest populære måla for tur i Åmli. Kvart år markerar frivillige lag at Trogfjellstien er open for sommaren. Stien som startar ved Elvarheim Museum, er godt merka og er mykje brukt av barn, vaksne, skuleelevar og turistar gjennom heile den snøfrie årstida. Det er satt opp tre gapahukar på Timmeråsen. Desse blir flittig brukt av barnehagar og skule. I fjellveggen finn du og norges lengste Via Ferrata!

Innbyggarane i Åmli er flinke til å bruke dei mange turvegane og turstiane som finnes rundt om i kommunen.

Topp 20

Topp 20 gode turforslag rundt om i Åmli kommune. 20 toppturar med ulik vanskelegheitsgrad, med tilrettelagde og godt merka leder/stiar. Ved startpunktet er det sett opp ei infotavle som fortel om namn på turen/toppen, kart og symbol som viser kor vanskeleg ein antek løypa er. Turløypene er merka med raud/oransje eller blå merke i terrenget,og på toppen er det ei kasse med gjestebok inni og klippetang. Mange tek mål av seg til å nå alle toppane kvar sesong.

Via Ferrata

Via Ferrata i Trogfjell er verdt ein tur! Her får du fantastisk utsikt over Åmli sentrum, samtidig som du utfordrar deg sjølv, i alle fall om du har eit snev av høgdeskrekk.

Friluftsrådet Sør

Åmli kommune er medlem i Friluftsrådet Sør. Friluftsrådet Sør er eit interkommunalt samarbeidsorgan etter §27 i kommunelova. Rådet skal jobbe forsikring og tilrettelegging av friluftsområder/grønnstruktur for offentlig bruk. De skal arbeide for hensiktsmessig forvaltning og drift av friluftsområder. Informere om friluftsmuligheter i regionen og arbeide for opplæring og aktivitet med basis i regionens friluftsmuligheter. Friluftsrådet skal avgi uttalelser i viktige saker som berører friluftslivet, herunder plansaker, og jobbe med friluftsoppgaver av regional karakter.

Toppen av Trogfjell - Klikk for stort bileteToppen av Trogfjell

Sist endra 13.07.2016
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Kristin Mood

Leiar samfunn
Telefon :37 18 52 53
Mobil :947 91 212
E-post :kristin.mood@amli.kommune.no
Kristin Mood

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no

Kari Hagelia Olstad

Jordbruks- og næringsrådgjevar
Telefon :37 18 52 52
Mobil :416 43 435
E-post :kari.olstad@amli.kommune.no
Nettstad (1)
Login for redigering Login for redigering