Flyktningetenesta

Flyktningtenesta har ansvar for busetting og integrering av flyktningar.
Alle nye flyktningar som har kome til kommunen, og som er mellom 18 og 55 år har rett og plikt til å delta i eit introduksjonsprogram. Deltakarar mellom 55 og 67 år har rett, men ikkje plikt.

Programmet skal minst innehalde:

  • Norsk
  • Samfunnskunnskap
  • Tiltak som førebur til deltaking i yrkeslivet

Tiltaket skal vere heilårleg og på full tid.
Det blir utbetala ein introduksjonsstønad som er lik 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Deltakarar under 25 år mottek 2/3 stønad. Denne stønaden er skattepliktig.
 

Vilkår:

Du må vere flyktning som kjem frå mottak og godkjent for busetting i Åmli kommune. Også flyktningar som kjem frå utlandet gjennom Høykommissæren for flyktningar, og som UDI har gjort vedtak om at skal busettast i Åmli, fyller vilkåra for introduksjonsprogram.
 

Korleis ta del i tenesten:

Alle flyktningar som fyller vilkåra skal få tilbod om introduksjonsprogram innan 3 månader etter busetting.
 

Lovgrunnlag:

”Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandere” (introduksjonsloven).
”Lov om sosiale tenester i NAV”
 

Saksgang:

Fyrst blir det satt i verk ein grunnleggjande kartlegging av mellom anna utdanning, arbeidpraksis, interesser, yrkesynskje, framtidsplanar og behov for kvalifisering med vidare. Etter dette blir det laga ein individuell plan saman med flytkningen. Samstundes med dette blir det laga eit vedtak om introduksjonsprogram.
 

Klagemoglegheit:

Alle enkeltvedtak kan påklagast til Fylkesmannen. Som enkeltvedtak blir å rekne

  • Tildeling av program og stønad
  • Vesentleg endring av program
  • Stansing av program for den enkelte
  • Permisjon
  • Trekk i stønad eller meir av ein enkelt utbetaling, og som minst utgjer 1/12 av folketrygda sitt grunnbeløp.

Tenester:

Vaksenopplæringa er ein særs viktig aktør for sørge for at flyktningane får ei god og solid norskopplæring. Dei har etter introduksjonslova rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnsfag med 600 timar. Dette tilbodet kan, og blir oftast utvida med inntil 2700 timar.

Bilde av barn i 17. mai tog - Klikk for stort bilete

Sist endra 12.01.2016

Kontaktinformasjon

Siv Turid Eppeland

Flyktningekoordinator/rektor vaksenopplæring
Telefon :37 18 52 21
Mobil :473 91 990
E-post :siv.turid.eppeland@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering