Legevakta i Arendal

Legevakta i Arendal er ein interkommunal legevakt for kommunane Arendal, Froland, Fyresdal, Gjerstad, Grimstad, Nissedal, Risør, Tvedestrand, Vegårshei og Åmli.

Pasienten ringer legevaktsentralen på 116 117, som igjen tar kontakt med legekontoret i Åmli dersom henvendelsen gjerast kvardager mellom kl. 08:15-15:00. Utanfor dette tidsrommet henvisast pasienten til Legevakta i Arendal.

Legevaktens oppgaver

Legevakta skal ta seg av akutt sjukdom, skader og forverring av sjukdom når naudsynt undersøking og behandling – ut frå ei fagleg vurdering – ikkje kan vente til neste ordinære arbeidsdag, eller til pasienten sin faste lege er tilgjengeleg. Dei aller fleste sjukdomstilfella behandlast best av den faste legen som kjenner pasienten godt. Dette gjeld også øyeblikkeleg behov for hjelp som oppstår på dagtid.
Pasientene skal ha tryggleik for at dei får den hjelpen dei treng og dei skal møtast høflig, med respekt og forståing.
 

Åpningstider

Legevakta i Arendal er døgnåpen.
 

AMK/113

AMK håndterer 113-meldinger ved akutte livstruande sjukdomar og ved større ulykker. Det følgjast fastlagte prosedyrer.
 

Køording og ventetid

Ved behov for hjelp anbefalast det å ringe legevaktnummeret (116 117) før du eventuelt reiser til Legevakta. Vakthavande sjukepleiar vil då avgjere om det er behov for å komme til legevakta. Legen avgjør om det er naudsynt å reise heim til pasienten.
Legevakten har ingen ordinær køordning. Ut frå ein fagleg vurdering vil det som haster mest gå føre det som kan vente. Når du ringer, vil du få oppgitt ein omtrentleg tid for når du kan komme inn til legen. Slik kan du på travle dagar ta mesteparten av ventetiden heime istaden for på venterommet. Den oppgitte tid må ikkje sjåast på som en bindande avtale – det kan komme akutte tilfeller som må prioriterast.
 

Kvar ligg legevakta?

Kvardager frå kl. 08:00 - 15:00 henvisast pasienten til legekontoret i Åmli kommune når ein tar kontakt på telefon 116 117. Legevakta i Arendal visast på kartet nedanfor
 

Postadresse

Legevakten i Arendal
Serviceboks 605
4809 Arendal
 

Besøksadresse

Aust-Agder Sykehus HF, Inngang Dydens vei

Sist endra 20.10.2015
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Åmli Legekontor

Adr: Gata 21
Telefon :37 18 51 00
E-post :
Tenesteomtale (1)
Login for redigering Login for redigering