Frikort for helsetenester

Frikortordningane administrerast av HELFO

Les meir om frikort hos Helsedirektoratet

Kva er frikort for helsetenester?

Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigenandelar. Når du mottar frikort, slepp du å betale eigenandelar for resten av kalenderåret.

Det finnast to frikortordningar, ein for eigenandelstak 1 og ein for eigenandelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga.

Kva er frikort egenandelstak 1?

Her inngår godkjende eigenandelar ved behandling hos lege, psykolog, i poliklinikk, røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept. Du får frikortet automatisk innan tre veker når du har betalt over 1.980 kroner i eigenandeler i 2012.

Kva er frikort egenandelstak 2?

Her inngår godkjende eigenandeler ved behandling hos fysioterapeut, enkelte formar for tannsjukdommer, opphald ved godkjende opptreningsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet HF.

Sist endra 07.01.2016

Kontaktinformasjon

Laila Nylund

Leiar helse- og velferd
Telefon :37 18 52 82
Mobil :992 11 769
E-post :laila.nylund@amli.kommune.no
Relevante lenker (1)
Login for redigering Login for redigering