Fastlegeordningen

Åmli kommune har to kommunalt tilsette legar samt én turnuslege om allmennpraksis innanfor Fastlegeordninga.
Turnuslegen har turnusteneste i 6 månader i kommunen og vi får ny turnuslege den 15.2 og 15.8 kvart år.

Fastlegeordninga blei innført 8. juni 2001. Dette innebærer bl.a.

  • Alle innbyggjarar som er registrert i Folkeregisteret har rett til å få ein fastlege. Asylsøkjarar og deira familiar som er medlemmar i folketrygden omfattast også av ordninga
  • Du kan velgje din fastlege blant alle allmennlegane som er med i fastlegeordninga
  • Det er frivillig å være med i fastlegeordninga, men velgjer du å stå utanfor, må du sjøv finne ein allmennlege som kan gi deg time. Du betaler også ein høgare eigenandel hos denne allmennlegen
  • Du har rett til å bytte fastlege inntil to gonger i året, men det krev at det er plass på lista til den legen du ønsker

fastlegen.no får du vite meir om fastlegeordninga og kva fastlegen kan gjere for deg når du treng helsehjelp. Du vil finne praktiske tips, informasjon om pasientrettigheitar, annan helseinformasjon samt lenker til gode nettstader. Du kan også ringe Fastlegekontoret på 810 59 500.

Endre fastlege

Sist endra 04.11.2012
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Åmli Legekontor

Adr: Gata 21
Telefon :37 18 51 00
E-post :
Tenesteomtale (1)
Login for redigering Login for redigering