Barnevern

Barnevernet skal være ein garanti for at alle barn og unge sikres omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheit. Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp til rett tid. Barnevernet skal også gi hjelp og støtte til foreldre/føresette som er i ein vanskeleg livssituasjon, slik at dei kan bli betre i stand til å gi barnet forsvarleg omsorg.

Dersom du lurar på noko utover det som er beskrevet nedenfor, svarar vi gjerne.
 

Det meste skjer i samarbeid...

Etter lov om barneverntjenester skal barnevernet gi råd, veiledning og hjelpetiltak som kan bidra til at foreldre/føresette sjølv kan klare sine omsorgsoppgåver. Slike hjelpetiltak kan være alt frå å bidra til barnehageplass, gi avlastning i heimen og liknande.
Denne lovbestemmelsen er både viktig og spesiell fordi den gir moglegheit for alle typer tiltak som kan være med å bidra til hjelp. Denne hjelpen skal være i samarbeid med foreldre eller dei som har omsorgen for barnet.

Barnevernstjenesten får henvendingar/meldingar frå tilsette i det offentlege, naboar, barnet sjølv, foreldre, familie og andre som er bekymra. Dette kallast ei melding. Når ein får ein slik melding har barnevernet plikt til å undersøke saken og forsøke å finne ut kva som er bakgrunnen til den. Saman med foreldre/føresette prøver barnevernet å finne ut kva som kan gjerast, slik at barnet kan få en betre omsorgssituasjon. Så langt det er mogleg er slike tiltak frivillig frå foreldre/føresette si side.
 

Men nokre gongar ikkje...

Nokre gongar hender det at barn og unge lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling. I slike tilfeller skal barnevernet gripe inn og foreslå ulike tiltak.

Dersom foreldre/føresette ikkje ønskjer eit frivillig tiltak og barnevernet likevel meiner at tiltaket må iverksettjast, blir avgjersla tatt i Fylkesnemnda. Eit tiltak kan anten være for ein kortare periode eller til barnet blir vaksen.

Ta kontakt med Barneverntjenesten Øst i Agder dersom du vil ha nærare opplysningar.

Sist endra 28.01.2016
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

. Barneverntjenesten Øst i Agder

Telefon :479 93 333
E-post :postmottak@gjerstad.kommune.no
Artikkel (2)
Nettstad (1)
Login for redigering Login for redigering