Innsyn i kommunale dokument

Via vår publikumsmodul (eInnsyn) får du lett tilgang til opplysningar om kommunale dokument.
Her finn du journalopplysning til inn- og utgåande post, samt interne notat, som er offentlege.
Du finn og innkalling til og protokoll frå politiske møte. Desse er fullstendige med saksframlegg og vedlegg.

Postliste/offentleg journal

Vi har ikkje valt å publisere tekstdokument direkte frå postlista, så dersom du ønskjer å sjå dokumentet som høyrer til journalopplysninga må du ta kontakt med saksbehandlar.

Postlista går 700 dagar tilbake i tid, og inneheld post som er meir enn tre dagar gamal. Om du ønsker innsyn i noko eldre enn dette kan du ta kontakt med Informasjonssenteret (37 18 52 00 / post@amli.kommune.no) og vi vil hjelpe deg.

Vi vil gjere merksam på at journalopplysningar knytta til dokument som arkiverast i kommunen sine mange fagsystem ikkje er tilgjengelege frå vår postliste.
Dette gjeld først og fremst arkiv knytta til personar, slik som t.d. klientarkiv og pasientarkiv i helse og omsorg. I tillegg er ein del arkivdelar i sak-/arkivsystemet som stort sett inneheld sensitiv informasjon, som også er utelatt frå postlista. Dette gjeld elevarkiv grunnskule, elevarkiv voksenopplæring og barnehagebarnarkiv.

Politiske møte (Utvalg)

Du finn og politiske møte med innkallingar og protokollar. Innkallingane er fullstendige med saksframlegg og vedlegg. Vi har publisert utvalsmøte tilbake til 1.1.2013. Om du leiter etter eldre ting må du ta kontakt med informasjonssenteret: 37 18 52 00 / post@amli.kommune.no og vi vil hjelpe deg.

Du kan finne delegerte vedtak (delegert frå kommunestyret), referatsaker, meldingssaker og forespurnader/interpellasjonar i fulltekst på sakskartet. Delegerte vedtak (delegert frå administrasjonsutvalet) inneheld personopplysningar, og er difor ikkje publisert i fulltekst.

Protokollar frå politiske møte blir godkjent i neste møte i same utval, difor er det verdt og merke seg at det kan være feil i protokollar frå møte fram til den er godkjent i neste møte.

til innsyn

Sist endra 14.02.2017

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no

Informasjonssenter Rådhuset

Telefon :37 18 52 00
E-post :post@amli.kommune.no
Teneste (1)
Login for redigering Login for redigering