Søknad/endring barnehageplass

Åmli kommune har felles hovedopptak av barn både for dei kommunale og den private barnehagen i kommunen.

Dersom du har plass, og vil behalde denne slik den er, treng du ikkje gjere noko.
Om du har plass men ønskjer endring av denne kan du bruke elektronisk endringsskjema.

Etter hovudopptaket gjerast det fortløpande opptak, men då kun for dei kommunale barnehagane. Dersom du etter hovudopptak vil søke plass i privat barnehage må du ta kontakt med denne.

Du må nytte elektronisk søknads-/endringsskjema for å søke om/endre barnehageplass i Åmli kommune. Søknadsfrist er 1. mars.

NB: Dersom du ønskjer å flytte barnet frå kommunal til privat barnehage (eller motsatt), må du skriftleg sei opp plassen du har, og søkje om ny plass i den nye barnehagen. Du kan ikkje bruke overflyttingsfunksjonen i det elektroniske søknadsskjemaet.
Dersom du ønskjer å sei opp plassen heilt må du sende ei skriftleg oppseiing til barnahegen.

Dersom du treng hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadskjemaet kan du få det i Beverborga barnehage, eller ved å ta kontakt med Informasjonstenesta i Rådhuset, eller på Åmli bibliotek. På biblioteket har dei og publikums-pc som du kan nytte til å skrive søknaden på.

Åmli kommune har desse barnehagane:
Beverborga barnehage tlf 37185268 - kommunal
Dølemo oppvekstsenter tlf 37081095 - kommunal
Klokkargården tlf 37081158 - privat

Les meir om barnehagane (PDF, 97 kB)

Sist endra 03.09.2015

Kontaktinformasjon

Steven Gøran Norum

Styrar Beverborga barnehage
Telefon :37 18 52 68
Mobil :926 27 471
E-post :steven.goran.norum@amli.kommune.no
Tenesteomtale (1)
Login for redigering Login for redigering