Arbeidsmiljøutvalet

Arbeidsmiljøutvalet består av åtte medlemmar beståande av: hovedverneombud, tre representantar frå arbeidstakarorganisasjonane og tre representantar frå arbeidsgivar inkl. rådmann.

Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i kommunen.

Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet i kommunen, og følgje nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet.

I § 7-2 i arbeidsmiljølova er arbeidsmiljøutvalet sine oppgåver lista opp.

Lovpålagte oppgåver for AMU:

  • Behandle spørsmål som angår bedriftshelsetenesta og verneteneste.
  • Behandle spørsmål om opplæring og instruksjon på område som kan ha betydning for arbeidsmiljøet.
  • Behandle planar om nye lokaler, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet.
  • Behandle andre planar som kan få vesentleg betydning for arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og forebyggjande vernetiltak.
  • Delta aktivt i kommunen sitt helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. Delta i kartleggingar, utarbeidelsar av handlingsplanar og gi råd i høve til prioriteringar og tiltak.
  • Vurdere helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar.
  • Gjennomgå alle rapportar om ulykker, nestenulykker og sjukdom som kan skyldast arbeidsmiljøet. Ha fokus på årsaken til hendinga og sjå til at arbeidsgjevar gjør det som er nødvendig for å hindre at det skjer igjen.
  • Gjennomgå alle rapportar om yrkeshygieniske undersøkelsar og måleresultat.
  • Behandle spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne.
  • Utarbeide ein årsrapport om arbeidet.

Innkallingar og protokollar

Medlemmer Arbeidsmiljøutvalet
Medlemmer Arbeidsmiljøutvalet
FAST/VARAPARTI/ORGANISASJONNAVN
FastDeltaJohn Lien
FastFagforbundetGeir Tellev Homme
FastUtd.forbundetArnar Vågen
FastHovederneombudNormann Sivertstøl
FastArbeidsgivarChristina Ødegård
FastArbeidsgivarTerje Beruldsen
FastArbeigsgivarTore Flottorp
FastArbeidsgivarInge Egil Hauge
VaraDeltaLiv Vik Epletveit
VaraFagforbundetBrit Tove Baasland Støylen
VaraUtd.forbundetOlav Tveiten
VaraArbeidsgivarLaila Nylund
VaraArbeidsgivarSteven Gøran Norum
VaraArbeidsgivarKristin Mood
Sist endra 15.05.2014

Kontaktinformasjon

Terje Beruldsen

Leiar rådmannens stab
Telefon :37 18 52 02
Mobil :960 10 062
E-post :terje.beruldsen@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering