Under Innsyn finn du møteinnkallingar/protokollar tilbake til 1.1.2013.
Ønsker du innsyn i innkallingar og møteprotokollar frå før 2012 må du ta kontakt med informasjonssenteret i kommunen. Dersom materialet du leiter etter er eldre enn år 2000 må du ta kontakt med Aust-Agder museum og arkiv (AAma). Det meste av kommunens arkiv eldre enn år 2000 er deponert her.
Møteplan for politiske utval (PDF, 189 kB)
Dei fleste møta blir avholdt i Rådhuset. Sjå den enktelte innkallinga for møterom og stad.
Politisk organisering
Prinsippet i organiseringa er at alle ikkje lovbestemte utval vert nedlagt og at sakene går direkte frå administrasjonen til kommunestyret. Unntak for dette er saker som gjennom lov-/avtalebestemte utval før behandling i kommunestyret. Det vil gjelde økonomisaker i formannskapet, arbeidsgjevarsaker i administrasjonsutvalet og plansaker i planutvalet. Saker i alle dei andre lovbestemte utvala stopper normalt i utvalet etter særlov.
Organiseringa bygger på at formannskapet sine medlem er klageutval, planutval og arbeidsgjevarsida i administrasjonsutvalet.