Styre, råd og utval

Åmli kommune ønskjer å være så open som mogleg. Difor vel vi å publisere alle offentlege møtedokument til dei fleste politiske utval her på nettsida.

Under Innsyn finn du møteinnkallingar/protokollar tilbake til 1.1.2013.

Ønsker du innsyn i innkallingar og møteprotokollar frå før 2012 må du ta kontakt med informasjonssenteret i kommunen. Dersom materialet du leiter etter er eldre enn år 2000 må du ta kontakt med Aust-Agder museum og arkiv (AAma). Det meste av kommunens arkiv eldre enn år 2000 er deponert her.

Møteplan for politiske utval (PDF, 192 kB)

Dei fleste møta blir avholdt i Rådhuset. Sjå den enktelte innkallinga for møterom og stad.

Politisk organisering

Prinsippet i organiseringa er at alle ikkje lovbestemte utval vert nedlagt og at sakene går direkte frå administrasjonen til kommunestyret. Unntak for dette er saker som gjennom lov-/avtalebestemte utval før behandling i kommunestyret. Det vil gjelde økonomisaker i formannskapet, arbeidsgjevarsaker i administrasjonsutvalet og plansaker i planutvalet. Saker i alle dei andre lovbestemte utvala stopper normalt i utvalet etter særlov.

Organiseringa bygger på at formannskapet sine medlem er klageutval, planutval og arbeidsgjevarsida i administrasjonsutvalet.

 

Sist endra 09.11.2015

Kontaktinformasjon

Reidar Saga

Ordførar
Telefon :37 18 52 06
Mobil :922 93 771
E-post :reidar.saga@amli.kommune.no
Reidar Saga

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no
Innsyn (1)
Nettstad (1)
Login for redigering Login for redigering