Arkivtjeneste - Hjelp til innsyn i dokument

I følge arkivlova § 6 er alle offentlege organ pålagt å ha arkiv. Kommunale arkiv skal dokumentere den politiske og den administrative saksbehandlinga og vedtaka i kommunen.

Informasjonssenteret er ansvarlig for åpning, journalføring og fordeling av daglig korrespondanse (vanlig post, faks og e-post). Informasjonssenteret, saman med saksbehandlarane, skal oppbevare og på ein effektiv måte gjenfinne og tilgjengeliggjere informasjon. Rutiner og reglar som gjeld for arkivarbeidet i Åmli kommune er samla i kommunens arkivplan.

TILBOD TIL PUBLIKUM:


Offentlig postliste

Kommunens postliste blir dagleg lagt ut på internett, med ein forsinkelse på tre virkedagar etter at dokumentet er journalført i kommunen sitt sak-/arkivsystem. Postlista inneheld oversikt over alle inn- og utgåande dokument. I tillegg kan du finne interne notat.

Innsyn i offentlege dokument

Allmenheten kan gjere seg bruk av arkivmateriale i henhold til lovar og forskrifter. Informasjonssenteret veileder og hjelper med å finne informasjon frå Åmli kommune sitt arkiv. Ved forespørsel kan ein få kopi av offentlege dokument. Forespørsel skal som hovudregel gå til saksbehandlar.

Innsynsbegjæringa skal være skriftleg og skal minimum innehalde:

  • Saksnummer og dokumentnummer
  • Dokumentdato
  • Sakstittel
  • Dokumenttittel
  • Saksbehandlar (initialer)
  • Navn, adresse, telefon til den som ber om innsyn

Arkiv - Klikk for stort bilete

Sist endra 26.09.2017

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no

Informasjonssenter Rådhuset

Telefon :37 18 52 00
E-post :post@amli.kommune.no
Teneste (1)
Login for redigering Login for redigering