Beredskap

Beredskapsarbeid er å være planmessig forberedt på uønska hendingar som kan ramme befolkninga, infrastruktur og materielle verdiar. Åmli kommune har gjennom ulike lovar ansvar for å ha beredskap på fleire område.

Også private arrangørar av store arrangement, må tenke beredskap og sikkerhet. Difor har kommunen laga sjekkliste, med sikkerhetsplan for dette.

Kommunen planlegg for å handtere ulykker og kriser på ein best mogleg måte. Det inneber å sørgje for innbyggjaranes tryggleik, tiltak for å oppretthalde samfunnsviktige funksjonar, verne om miljø og kulturverdiar og prøve å forhindre øydelegging av økonomisk og materielle verdiar.

Kommunen sin beredskapsplan skal gje naudsynt informasjon for å sikre at vi i Åmli kommune kan drive eit aktivt arbeid i å førebu oss på krise- og beredskapssituasjonar, og for at vi skal kunne handtere ein krise og beredskapssituasjon på ein best mogleg måte.

Kommunen har frå mai 2016 tatt i bruk eige system for innbyggjarvarsling. Dette gjer det lett å få sendt sms/talemelding til ei definert gruppe, eller alle, ved vasstenging, flom eller andre uforutsette hendelsar.

Åmli kommune har ein beredskapsplan for heile kommunen og einingsvise beredskapsplanar.

Mål for alt beredskapsarbeidet i Åmli kommune er:

  • Sikre ein organisasjon som er førebudd på og kapabel til å handtere krisesituasjonar.

Mål for kriseleiinga er:

  • Handtere krise- og beredskapsoppgåver på ein slik måte at dei bidrar til ei effektiv løysing av ein unormal situasjon.

Eigenberedskap - Er du (u)forberedt?

Uforutsette hendelsar, ulykker og utfordringar som langvarig strømbrudd eller isolasjon på grunn av ekstremvær, kan på kort tid snu opp ned på kvardagen vår. Spørsmålet du som innbygggjar må stille deg er i kor stor grad du er forberedt på å takle uforutsette hendingar?

Sjølv om kommunen har eit overordnet og lovfesta ansvar for innbyggjarane sin tryggleik, er det mykje ein og må og bør ta ansvar for sjølv. Det vil være situasjonar der strømmen kan bli borte, det kan bli kaldt, telefonen din kan slutte å virke, og måten vi lever på kan brått bli heilt annleis.

Kanskje vil du ikkje kunne få hjelp så fort som du måtte ønske, og då må du kunne ta vare på deg sjølv og dine nokre dagar. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) oppfordrar alle til å ha eit reservelager av det ein er aller mest avhengig av – både mat, vantn og varmekilder.

Les meir om korleis du kan være betre forberedt: http://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap/

Nyttige lenker:

Varsom.no – varsel om flom og skredfare

Agder Energi – strømutfall og driftsforstyrrelser

Kriseinfo.no – viktig informasjon fra myndighetene til befolkningen før, under og etter kriser

Instansar og telefonnummer ved krise
Instansar og telefonnummer ved krise
HENDINGKONTAKTTELEFON
Brann - utrykking Østre Agder Brannvesen110
Politi - utrykking112
Ambulanse - utrykking113
Alarmtelefon for barn- og unge116111
Barnevernvakt akuttberedskap kveld/helg37 0131 01
Prestenes beredskapstelefon90841893
Kristeamet - eit tilbod ved tragiske dødsfall, kriser og ulykkeKriseteamleiar Arne Hansen37185285/99264494
Nestleiar Øydis Nordås95120626
Etablering av kommunal krisleiing - større hendingarLeder rådmannens stab37185 202 / 96010062
Ordførar37185206/92293771
Brannmester ÅmliBen David Berås91670012
Lensmannen i ÅmliOdd Arvid Bjørnbakk37199000
Operasjonssentralen i Agder02800
LegevaktLegevakten i Arendal116117
Varsling av almennfarlege sjukdomar. Smittevern vaktKommuneoverlege371 85 100
Brøyting - KUN kommunale vegarArbeidstelefon37185200
Teknisk vakt - etter kl 15.0091670010
Beredskap vann/avløp og kommunale byggArbeidstelefon37185200
Teknisk vakt - etter kl 15.0091670010
Teknisk vakt etter kl 15.0091670010
ViltpåkjørslerOperasjonssentralen i Agder02800
Klinisk veterinærvakt i Nedenes og Holt vaktområdeVakta går alle dagar frå kl 16.00 til kl 08.00 påfølgjande dag, samt alle helger og helligdagar37024805
Aust-Agder krisesenter for kvinner37023344
Aust-Agder krisesenter for menn48898844
Agder Energi nett07 272
Fylkesmannen i Aust- og Vest-AgderFylkesberedskapssjef Yngve Årøy951 36 846
Sivilforsvaret Aust-AgderDistriktssjef Kjell Kvamme47 60 00 33
Mattilsynetwww.mattilsynet.no06040
Miljøverndepartementet47 70 09 84
Folkehelseinstituttetwww.fhi.no21077000
Sist endra 03.04.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Terje Beruldsen

Leiar rådmannens stab
Telefon :37 18 52 02
Mobil :960 10 062
E-post :terje.beruldsen@amli.kommune.no

Trine Krossbekk Agersborg

HR- og beredskapsrådgjevar
Telefon :37 18 52 08
Mobil :900 66 218
E-post :trine.agersborg@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering