Rådhuset

Det nye rådhuset i Åmli er nå tatt i bruk.
Den offisielle opninga skjer med stor markering 13. november i år.

Bygget er planlagt av RATIO arkitekter, Oslo som blei kåra til vinner av plan- og designkonkurransen for nytt kombinert rådhus/næringsbygg og kulturhus.

Første byggetrinn er nå gjennomført med nytt rådhus og butikklokale.
Bygget har eit brutto golvareal på ca 2760 m2 fordelt på
- 1145 m2 butikk/næringslokaler tilhøyrande Forbrukersamvirke Sør (Prix) i første etasje
- 1485 m2 kontor- og møtelokaler for Åmli kommune delt på 2. og 3.etasje
- 130 m2 tekniske rom i kjellar under utvendig trapp og amfi.

Rådhuset er bygd for i alt 40 kontorarbeidsplassar med tilhøyrande personal- og tekniske rom, stor inngangshall med informasjonssenter, kommunestyresal, kantine og fleire små og store møterom.
Bygget er universelt utforma, dvs brukbart for alle, uavhengig av funksjonsevne.

Det er brukt mykje tre som byggemateriale i bygget. Ytterkledning på tak òg veggar er kortreist malmfuru frå skogen i og nær Åmli. Inne er brukt ulike tresortar både i himling, golv og på veggar.

Ein vesentleg del av byggeprosjektet er utomhusanlegget med ny flott ”stasjonspark” og nytt stort uteområde mot kafèen og gata.
Det er bygd om lag 30 parkeringsplasser sør for stasjonsparken og 36 plassar utanfor butikkane langs Fossevegen. Parkering på oversida og nær hovudinngang til rådhuset er begrensa til dagens plassar ved kafèen og vidare nordover langs sentrumsgata.
Det tillatast ikkje biltrafikk på ”rådhusplassen” som er tak over Prixbutikken.

Byggekostnader til rådhus med inventar og utstyr, samt utomhusanlegg er ca. 46 mill kroner eks. mva. Rein byggekostnad er ca. kr. 26.000,- eks. mva pr. m2.

Bygget er levert av Skanska Norge AS som totalentreprenør.
Om lag 80 personar har delteke i byggearbeidet som har vart frå prosjektet mai 2011 til oktober 2012.

Du finn desse kommunale avdelingane i det nye rådhuset:
  • Administrasjonsavdelinga
  • Plan- og næringsavdelinga
  • Teknisk avdeling
I tillegg har kyrkjekontoret fått plass i 1. etasje.

Her kan du sjå bilete frå bygginga:
Parken før Rådhuset Furua detter Grunnarbeidet starter Byggarbeid igang Skanskas HMS-tavle Butikken snart ferdig Rådhusdelen reiser seg Byggearbeidet fortsetter Taket kommer på Odeltre skjærer malmfuru til Rådhuset Det går fremover Her blir det kontorlandskap Taket i kommunestyresalen Nesten ferdig Rådhuset sett fra nord Rådhuset sett fra øst Ny stasjonspark Trappeamfiet fra Rådhusplassen Foajeen Lampene i foajeen Informasjonssenteret Plan- og næringsavdelinga Adminstrasjonsavdelinga Gammel stol i nytt møterom Fotograf: Kyrre Andersen/Liv Anne Lundberg
Sist endra 23.11.2012

Kontaktinformasjon

Sigmund Tveit

Prosjektleiar utbyggingssaker
Telefon :37 18 52 43
Mobil :916 70 011
E-post :sigmund.tveit@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering