Symjehallen ved Åmli skule

Symjehallen ligg ved Åmli skule. Den består av eit symjebasseng med tilhøyrande dusj/garderober og badstoge. Symjebassenget er 12,5 meter langt og 8,5 meter breit. På det grunnaste er det 90 cm djupt, og på det djupaste 170 cm. Vatnet held 34 grader på måndagar og 28 grader på fredagar.

Opningstider:
 

Måndag:

  • kl 16.30 - 17.30 - Barn t.o.m. 4. klasse i følge med vaksne
  • kl 17.30 - 18.30 - Vaksne, over 16 år

Fredag:

  • kl 17.00 - 18.00 - Barn t.o.m. 4. klasse i følge med vaksne
  • kl 18.00 - 19.30 - Ope for alle
  • kl 19.30 - 21.00 - Vaksne, over 16 år

Symjehallen er open frå etter haustferien og ut april. Symjehallen er stengt mellom jul og nyttår og i påska.

NB: Fellesbadinga opnar ikkje før 30.10. denne hausten, fordi vi manglar badevakt.

 

Prisar:

  • Vaksne kr 40,- (kvit billett)
  • Barn kr 25,- (rosa billett)
     
  • Familierabatt:
    Ved familiar med vaksne og barn, uansett antal, betaler vaksne same pris som barn, dvs. kr 25,- (rosa billett)
     

Fasttelefon i symjehallen, betjent i opningstida: 37081079
 

Barn som bader - illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Sist endra 16.10.2017

Kontaktinformasjon

. Vakant

Badevakt
E-post :

Tore Flottorp

Leiar oppvekst
Telefon :37 18 52 19
Mobil :950 89 697
E-post :tore.flottorp@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering