Åmli kulturskule

Åmli kulturskule held til på kulturloftet i 2. etasje over Åmli bibliotek, og har også undervisning på Elvarheim, speilsalen på vgs. og Dølemo oppvekstenter. Vi har fem lærarar og rundt 50 elevar i alderen 6-18 år. Vaksne blir tatt opp dersom det er ledige plassar.

Dei tilsette i kulturskulen er:

Laszlo Istenes: sang, piano, saksofon, irsk fløyte, bass, kor, korps, band. Telefon: 94822152 eller 37082126
Freddie Andeassen: gitar, piano, slagverk, band. Telefon: 92039109
Jarle Hagane: fiolin og hardingfele. Telefon: 41760572
Salve Kallevig: piano, gitar, ukulele, mandolin, bass, trekkspel, musikkgrupper. Telefon: 91100356 eller 37082126
Emilie R-B Sivertsen: dans og drama. Telefon: 97079153 

Tonje Ramse Trædal: kulturskulerektor. Telefon: 92629512

Skuleåret 2016/2017 tilbyr vi undervisning i:Kulturskulen - Kim Spelten - Klikk for stort bileteKulturskulen - Kim Spelten Åmli kommune

  • Piano
  • Gitar
  • Ukulele
  • Mandolin
  • Trekkspel
  • Bass
  • Saksofon
  • Irsk fløyte
  • Sang
  • Fiolin og hardingfele
  • Slagverk
  • Dansegrupper:
    Barnedans (5-8 år)
    Showdans (9-12 år)
    Street Jazz (13-18 år)
  • Dramagrupper
    Barneteater (1.-4. klasse)
    Ungdomsteater (frå 5. klasse)
  • Kulturkarusell (1.-5. klasse)

Skuleåret følgjer skuleruta

Udervisningstidspunkt i musikk blir avtalt direkte med lærarane.

Prisen for ein elevplass er 1350 kr pr. halvår, fordelt på to betalingar i semesteret.
Det er 25% rabatt for søsken og for deltaking i fleire fag.
Instrumentleige er 300 kr i året.

Vi har løpande opptak. Ved utmelding i løpet av året blir det fakturert t.o.m. siste kvartal.

Innmelding og utmelding skjer via
elektronisk søknadsskjema

 

Kulturkarusell:

Dette er eit nytt tverrfagleg, gratis tilbod innanfor grunnprogrammet i kulturskulen. Tilbodet gjeld for elevar frå 1.-5. klasse. Kulturkarusellen er kvar onsdag mellom kl.12.15 og 13.15 i 020-rommet på skulen. Den første halvtimen blir det teaterleik for alle. Deretter blir elevane delt i mindre grupper, og får musikkundervisning i ulike instrument og samspel. I løpet av året får elevane smakebitar på alle fag og ulike emne i kulturskulen.

Emilie Kleveland har hovudansvaret for kulturkarusellen og teaterleiken. Musikklærarane vil rullere på dei ulike musikkgruppene. 

Tilbodet gjeld i eitt år pr. elev, og det er påmelding via elektronisk søknadsskjema som i dei andre faga. Vi har plass til maksimalt 20 elevar. Dersom det er fleire påmelde, vil elevane i dei lågaste klassene bli prioritert.

Drama:
Det er tilbod om to dramagruppet: Barneteater for 1.-4. klasse onsdag kl. 14.45-15.30 og ungdomsteater frå 5. klasse torsdag kl. 15.00-16.45 på Elvarheim. Barneteater har maksimalt 8 elevar, og legg vekt på teaterleik og improvisasjon. Ungdomsteater har maksimalt 15 elevar, og jobbar med ulike delar av teaterfaget, inkludert oppsettingar. Alle teaterelevane får tilbod om eit teaterbesøk til eit profesjonelt teater i løpet av året.

Dans:
Barnedans er dans og moro. Barna lærer å bevege seg til musikk, dansens disiplin og grunnteknikk i ballett. Alder:5-8 år. Tidspunkt: torsdag kl. 17.00-17.30 i speilsalen på vgs. Tøy: valfritt med ballettdrakt, strømpebukser og ballettsko eller bevegeleg bukse/tights, topp og sokkar som ikkje sklir.

Shodans er ei blanding av ulike dansestilar. Det blir undervisning i grunnteknikk frå ballett og koreografi frå jazz og moderne dans. Alder: 9-12 år. Tidspunkt: torsdag kl. 17.45-18.30 i speilsalen på vgs. Tøy: valfritt elastisk tøy og ballettsko/sokkar som ikkje sklir.

Street Jazz er undervisning i mange ulike dansestilar innanfor hiphop, break og funk med mange kule trinn og bygging av styrke. Alder: 13-18 år. Tidspunkt: torsdag kl. 18.40-19.40 i speilsalen på vgs. Tøy: valfritt, f.eks. joggebukse og t-skjorte. Skotøy: joggesko (innesko).

Hugs å ha med drikkeflaske.

Band/samspel:
Enkelte av dei eldre elevane får tibod om å spele saman i band. Lærarane vil setje saman banda, og elevane vil få ein kombinasjon av individuell undervisning og samspel. I tillegg får banda i kulturskulen tilbod om 1 times gratis bandundervisning i veka med Keith Austin i den gamle rockeverkstaden i Åmlihallen.

Talentprogram:
Kulturskulane i Aust- og Vest-Agder har eit felles talentprogram for sine elevar gjennom lørdagsskolen. Ta kontakt med lærarane eller rektor for meir informasjon.

Seminar:
Elevane vil få tilbod om enkelte helgeseminar i løpet av året, slik som Stryk på sørlandet og/eller seminar i eigen regi. Våren 2016 vil vi ha seminar i dokketeater og animasjonsfilm. Informasjon om dette kjem etter kvart.
 

Vi ønskjer velkommen til eit triveleg og kreativt år i kulturskulen!
 

Kulturskulen - Åsne Nylund - Klikk for stort bileteKulturskulen - Åsne Nylund Åmli kommune

Sist endra 09.01.2017

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering