Grafisk profilmal, kommunevåpen

Åmli kommune har eigen grafisk profil som vi forsøker å bruke så gjennomført som mogleg på trykksaker, korrespondanse og internett. Nettsida du no ser på er laga med bakgrunn i profilen. 

Profilen er laga av Birkeland Trykkeri, som no har skifta namn til Synkron Media

Profilmalen (PDF, 10 MB) er retningsgivande for korleis kommunen skal bruke diverse element, kommunevåpen, fargar og skrifttyper i kommunale trykksaker, dokument, annonser og på nett m.m.
 

Kommunevåpen


Vi har fleire variantar av kommunevåpenet med visjon. Her er to eksempel:

Åmli kommune høyrestilt CMYK Åmli kommune midtstilt CMYK



Korleis motivet på kommunevåpenet vart valt:


Det vart utlyst ein konkurranse der bygdefolket kunne kome med framlegg til kva som skulle pryde kommunevåpenet i Åmli. Dei mest aktuelle her var motiv med sag og bever. Steinbrua i sentrum var òg eit alternativ, men bru var nytta av andre kommunar og var difor uaktuelt.
Sølv bever på prosess-blå bakgrunn vart etter dette vald som kommunevåpen for Åmli kommune.

Litt om bakgrunnen for motivet:


På slutten av 1800-talet var beveren nesten utrydda i Europa. I Skandinavia var det berre att ein stamme på 60-100 dyr i Agder og Telemark, med hovudtyngde i Åmli.
Etter første verdskrig auka interessa for bever ute i Europa. I Åmli fekk Sigvald Salvesen og Peder Jensen løyve til å fange og eksportere bever. Dei vart sendt til både Sverige, Finland og England, og seinare til andre europeiske land.
Aslak Harstveit tok over dette arbeidet i 1953. Det var òg han som prøvde ut den einaste fella som nå er tillate til beverfangst, for nå er beveren så talrik at ein igjen kan jakte på den. Aslak Harstveit har fått ei eiga avdeling om dette på Elvarheim Museum i Åmli sentrum.

Sist endra 17.06.2014

Kontaktinformasjon

Arnhild Smeland

Arkiv- og systemansvarlig
Telefon :37 18 52 07
Mobil :913 54 746
E-post :arnhild.smeland@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering