Levekår

«Tidlig innsats – Trygg oppvekst» -prosjektet
Over 98 000 barn i Noreg veks opp i ein hushald med låg inntekt. 47 av desse barna bur i Åmli kommune. I Åmli utgjer dette 14,4 %, samanlikna med 10 % i Noreg og 11,4 % i Aust-Agder.

Barn med hjerte.jpg - Klikk for stort bilete

I eit land som Noreg kor den generelle levestandarden er høg, er det vanleg å bruke definisjonar av fattigdom som handlar om meir enn å berre overleve, mangel på mat, klede og tak over hovudet. Det handlar også om høvet for å delta sosialt på linje med resten av samfunnet.

Barnefattigdom i Noreg blir rekna ut frå kor mange barn som veks opp i ein hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 60 % av medianinntekta i landet. Ein slik måte å måle fattigdom på er relativ. Det er ikkje slik at det å vekse opp i ein hushald med låg inntekt er det same som å vekse opp i fattigdom. Situasjonen til kvar familie med låg inntekt vil variere og vere avhengig av kva slags bu- og leveutgifter dei har. Målet seier heller ikkje noko om korleis inntekta blir fordelt i ein hushald, men det seier noko om kor mange barn som risikerer å vekse opp i fattigdom. Låg inntekt nyttast difor som eit mål på kor mange fattige barn det fins i Noreg.

Åmli kommune har over tid hatt høge tal på familiar med låg inntekt. Dette var blant anna grunnen til at kommunen i 2015 oppretta prosjektet «Tidlig innsats - Trygg oppvekst». Målet med prosjektet var å kartlegge situasjonen i Åmli, få ein oversikt over utfordringsbiletet og sjå på moglige tiltak for å betre barn og unges levekår. Prosjektet har sidan 2015 fått midlar av Barne- Ungdoms- og Familiedirektoratet gjennom nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom samt skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Hausten 2016 blei strategiplanen «bedre levekår blant barn og unge i Åmli kommune» (PDF, 719 kB) lagt fram og tatt til orientering i kommunestyret, som løyva 100 000 kroner til prosjektet i 2017. Det skal også satsast i 2018 då kommunestyret løyva nye 200 000 kroner til prosjektet.

Strategiplanen (PDF, 719 kB) legg fram fleire langsiktige og kortsiktige tiltak mot barnefattigdom som prosjektgruppa planlegg, koordinerer og gjennomfører. Sjølv om tiltaka ikkje vil gje direkte utslag på statistikken, vil tiltaka kunne bidra til at fleire barn og unge får høve til å delta på fritidsaktiviteter på lik linje med resten av samfunnet der dei kan oppleve mestring og utvikle ferdigheitar i lag med andre barn.

Frå vinter 2017 kunne kommunen tilby alle barn i 5.-7.klasse ein gratis fritidsaktivitet, og frå hausten 2017 fekk 1.-4.klasse same tilbod. Det er oppretta ein utstyrsbank med gratis utlån av blant anna ski og syklar til barn og unge ved Åmli skule. I tillegg har prosjektet, i samarbeid med kulturskulen, oppretta «Kulturkarusellen» som gir dei minste barna ein smakebit på faga kulturskulen har å tilby etter skuletid. Prosjektet arbeider stadig for å styrke samhandlinga mellom kommunen og dei frivillige, blant anna ved å arbeide med verktøya i ALLEMED-prosjektet utvikla av Nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap (NDFU). I tillegg samarbeider Åmli kommune med KilandSenteret som gir fleire barn, unge og familiar i Åmli moglegheit til å delta på leirar og aktivitetar i helger og ferier gjennom FUN 365.

BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) er ein av dei langsiktige tiltaka lagt fram i strategiplanen. BTI-arbeidet i Åmli kommune starta opp hausten 2016 og skal frå januar 2018 implementerast i kommunen sine tenestar.  I mai 2017 blei Agder-fylka vald som samla programfylke innan folkehelseprogrammet 2017-2027.  Åmli kommune er med som delkommune i satsinga knyta til Betre tverrfagleg innsats (BTI) der Lister og Risør kommune er leiane aktørar.
 

Relevante lenker:

 

Sist endra 09.01.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Siri Beate Stensland

Prosjektleiar levekår
Telefon :37 18 52 77
Mobil :924 49 631
E-post :siri.beate.stensland@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering