Bedre tverrfaglig innsats (BTI-Modell)

- Ein samhandlingsmodell for samarbeid på tvers av fag og einingar
Åmli kommune har sidan hausten 2016 arbeida med BTI-modellen og er i ferd med å ta den i bruk i kommunen sine tenester.

BTi modell - Klikk for stort bilete BTI-modellen er ein samhandlingsmodell for tenestar som møter gravide, barn, unge og foreldre som det er knyta undring eller uro til. Modellen skal sikre heilskapleg og koordinert innsats overfor målgruppa utan at det blir brot i oppfølging.  Åmli kommune fekk i 2017 tilskot frå Helsedirektoratet for å arbeide med BTI-modellen.

Det er fire nivå i BTI-modellen, frå nivå 0 til 3, illustrert i figuren. Figuren viser at det tverrfaglige samarbeidet kan være meir eller mindre omfattande og involvere få eller mange tenester eller instansar. Inndelinga i nivå og kompleksiteten i samarbeidet er illustrert med puslespelbrikker, der kvar og ein er nødvendig med tanke på heilskapleg og koordinert innsats. Brikkene i figuren symboliserer nivå og tenester som involveras, mens den loddrette brikka som strekk seg mellom nivåa symboliserer stafetthaldaren og stafettloggen.

BTI skal bidra til tidleg innsats, samordning av tenestane og brukarmedverknad. Tidleg innsats handlar om å oppdage og følgje opp med innsats i tidleg alder, og å oppdage uro i ein tidleg risikogang. Samordning av tenester handlar om å skape eit heilskapleg og samanhengande system mellom kommunane sine ulike tenestar og brukaren. Brukarmedverknad handlar om at dei kommunale tenestane legg til rette for at gravide, barn, unge og deira foreldre involveras i samarbeidet så tidlig som mulig.

Ein viktig grunn for BTI-modellen er tilsynet som Helsetilsynet gjennomførte i 2008. Rapporten konkluderte med at det var alvorleg svikt i kommunene sitt arbeid med å fange opp, utreie og følgje opp enkeltbarn og at det var store utfordringar og manglar i det tverrfaglige samarbeidet retta mot barn, unge og foreldre.

I mai 2017 ble Agder-fylka vald som samla programfylke innan folkehelseprogrammet 2017-2027.  Åmli kommune er med som delkommune i satsinga knyta til Betre tverrfagleg innsats (BTI) der Lister og Risør kommune er leiane aktørar.

Målgruppe: Gravide, barn, unge og foreldre det er knyta uro til

Målsetting: Kvalitetssikre heilskapleg og koordinert innsats utan brot i oppfølging
 

Framdriftsplan


2017

  • 0-punktsmåling, kartlegging av kompetanse i tenestene
  • Utarbeiding av handlingsrettleiar for barnehage og skule
  • Utarbeiding og utdeling av BTI-brosjyren til innbyggarane - ei oversikt over alle hjelpetilbod i kommunen

2018-2020

  • Handlingsrettleiar til barnehage (PDF, 740 kB) og skule (PDF, 737 kB)tas i bruk
  • Handlingsrettleiar for hjelpetenestane utarbeidas og tas i bruk
  • Elektronisk BTI stafettlogg prøves ut (Visma og Conexus) før val av elektronisk løysning  
  • Kompetanseheving i tenestane
  • Spreiing og erfaringsutveksling
     

Prosjektorganisering


Styringsgruppe: Rådmannens leiargruppe

Prosjektgruppe:

I tillegg til styringsgruppa og prosjektgruppa har vi arbeidsgrupper som utarbeider handlingsrettleiar for sine tenester (Eks. skule, barnehage, helsestasjon)

Prosjektleder og koordinator for arbeidet er Siri Beate Stensland
 

Aktuelle lenker

Sist endra 18.01.2018
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Lise Børtinghus

Helsesøster
Telefon :37 18 51 25
Mobil :992 11 757
E-post :lise.bortinghus@amli.kommune.no

Siri Beate Stensland

Prosjektleiar levekår
Telefon :37 18 52 77
Mobil :924 49 631
E-post :siri.beate.stensland@amli.kommune.no

Odd Arne Eliassen

Rektor Åmli skule
Telefon :37 08 10 72
Mobil :488 80 206
E-post :odd.arne.eliassen@amli.kommune.no
Artikkel (1)
Login for redigering Login for redigering