Sjukepleiar - 70-100% mellombels stilling

Helse og velferd har ledig mellombels stilling som sjukepleier i 70-100% stilling frå 01.11.17 – 30.08.18, med moglegheit til forlenging. Stillinga har arbeid kvar 3.helg ved somatisk avdeling og skjerma. 

Stillinga vil krevje at du kan jobbe ved fleire avdelingar. Du må vere fleksibel og kunne arbeide dag, kveld og natt. Det er fint om du skriv i søknaden kor stor stilling du ønskjer.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak helsefaglig yrkesutøving i form av stell, pleie og omsorg. Avdelinga jobbar i forhold til «Kva er viktig for deg!» og med Gode Pasientforløp.

Vi kan tilby eit godt fagmiljø med positive medarbeidarar. Spennande arbeidsoppgåver og varierte faglege utfordringar. 

Vi nyttar journalsystemet Profil.

Kompetanse:
Krav om sjukepleiefaglig utdanning med godkjent autorisasjon.
Du må ha gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Det er ønskjeleg med sertifikat.
Du må kunne mestre IKT i kvardagen.
Vi søker en medarbeidar som er fleksibel og taklar en arbeidsdag med ulike oppgåver og høgt arbeidstempo. Du må være ansvarsbevisst og lojal. Ha evne til samarbeid og samspill. Vi søker en medarbeidar som har evne og vilje til nytenking.

Åmli kommune tilbyr 8 lønnsårsannsinitet ved tilsetting. Det betyr at startlønna er i dag kr. 418.100,- som sjukepleier.
Ved tilsetting må du legge fram politiattest.L

urer du på noe så ta kontakt med leiar helse og velferd Laila Nylund tlf: 99211769 / laila.nylund@amli.kommune.no.

Du må nytte elektronisk søknadsskjema for å søke på stilling i Åmli kommune.

SØK PÅ STILLING


Søker du på fleire stillingar samstundes, må du merke av alle stillingane du søker på i skjemaet. Søknadene må då prioriterast i høve til kvarandre i feltet for tilleggsopplysningar.

Søknadsfrist: 17.11.17

Velkomen som søkar til stilling i Åmli kommune!
 

Ill Sykepleier.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 03.11.2017

Jobbe i Åmli

Elektronisk søknadsskjema
For å søke på stilling i Åmli kommune må du bruke elektronisk søknadsskjema.

SØKNADSSKJEMA

Søkerliste og offentlighet
Når du søker på stilling i Åmli kommune er søknaden din eit offentleg dokument på lik linje med dei fleste andre kommunale dokument. Dette er stadfesta i kommunen sitt informasjons-reglement. Vi gjer merksam på at kommunen har offentleg søkarliste som er tilgjengelig for alle, og at opplysningar frå søknadsskjemaet (CV-en) er med i utvida søkarliste som søkarar kan få på forespørsel.

Politiattest - vandelsattest
For nokre stillingar er det krav om at søkar skal levere politiattest. 
På nettsida til Politiet kan du lese om politiattest/vandelsattest. Her finn du og eit eige søknadsskjema.

Login for redigering Login for redigering