Sentralt på Nelaug


Karane inne på landhandelen har klar tale:

  • Nelaug er utan tvil den mest sentrale plassen i Åmli, meiner dei.

Frå Nelaug stasjon går toget i tre retningar, mot Arendal, Stavanger og Oslo. Det er hyppige avgangar, slik at det går fint an å ta ein bytur til Arendal utan å bli borte heile dagen. 37 minutt tar det frå innlandsbygda til sørlandsbyen, og det er omlag to timar mellom kvar avgang.

  • "Eg kan ta toget til byen for bare 20 kroner", seier pensjonisten Einar Finsrud og smiler.

Han og fem andre godt vaksne karar sit rundt kaffebordet inne på den vesle landhandelen på Nelaug. Her er postkontor og matvarer, kafebord og kaffe.

  • "Så sant me har fri, så møtest me her for å løyse små og store problem", seier Finsrud.
  • "Det hender me blir uenige, men me slest ikkje", seier han og så ler dei litt rundt bordet.

Karane har møttest her dei siste fem-seks åra. Nesten alle har arbeidd ved jernbanen og husker godt "gullåra" då det var omlag 50 personar som arbeidde ved banen. Den heldt dei med mat og med arbeid.

Ved stasjonsbygningen - Klikk for stort bileteVed stasjonsbygningen

Nelaug stasjon - Klikk for stort bileteNelaug stasjon

 

 

 

 

 

 

 

Møteplass på bua: Kåre Ufsvatn, Olav T. Åsheim, Andreas Hansen, Tellef Brødsjømoen, Knut Mykland og Einar Finsrud - Klikk for stort bileteMøteplass på bua: Kåre Ufsvatn, Olav T. Åsheim, Andreas Hansen, Tellef Brødsjømoen, Knut Mykland og Einar Finsrud

Velkommen til kassa! Nærbutikken på Nelaug er bygdas møteplass. - Klikk for stort bileteVelkommen til kassa! Nærbutikken på Nelaug er bygdas møteplass.

Sist endra 13.12.2017
Fant du det du leita etter?
INFORMASJONSTENESTA
Tlf: 37 18 52 00
Opningstid:08:30 - 15:00
post@amli.kommune.no
Adresse for besøk
Rådhuset
Postadresse
Gata 5, 4865 Åmli
Login for redigering Login for redigering