om kommunevåpen fremsideheading


FRAMSIDE design skille ÅMLI BIBLIOTEK design skille TURISTINFO design skille KOMMUNALE DOKUMENT design skille SNU ÅMLI snu aamli
Tvedestrand Kommune Vegårshei Kommune Gjerstad Kommune Risør Kommune  
blank
Ledige stillinger Skjema og gebyrer Kva skjer? Innsyn (postlister / politiske møte) Kontakt oss

Åmli kommune
4865 Åmli

Tlf: 37 18 52 00
Fax: 37 18 52 09
E-post

Åpningstid:
08:00 - 15:00



Åmli PPT
Postadresse:
Åmli kommune
4865 Åmli

Telefon:
37 08 10 83

Besøksadresse:
Åmli skule
4865 Åmli

E-post: 
jon.haugen@amli.kommune.no


Jon Haugen leiar/ped. psyk. rådgjevar (cand. paed. spec.) 
                             
                               

Åmli PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste) Åmli pedagogisk-psykologiske teneste er ei rådgjevingsteneste som gir rettleiing til heimen, eleven og til opplæringsinstitusjonen ved bekymring knytt til utvikling og opplæring. Ei tilmelding til PP-tenesta skal alltid skje i samråd og forståing med den det gjeld og føresette. Føresette kan ta direkte kontakt med PP-tenesta. Tilsette i PPT har teieplikt. Tenestene er gratis. Åmli PP-teneste har kontorstad på Åmli skule, og kontordagar på dei einskilde skulane og barnehagane i kommunen.
 ___________________________________________________________________
Orientering om PP-tenesta

PP-tenesta sine arbeidsområde er heimla i Opplæringslova § 5:
"Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen. Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det."

      Døme på arbeidsområde:

  • Hjelpe skular/barnehagar med kompetanse- og organisasjonsutvikling
  • Rådgjeving til føresette og tilsette i barnehage og skule
  • Læringsmiljø
  • Ulike vanskar (t.d. språkvanskar, lese-/skrivevanskar, to-språklege vanskar og matematikkvanskar)
  • Funksjonshemmingar av ulike slag (fysiske og psykiske)
  • Sosiale-emosjonelle vanskar (samspelvanskar, utagering, isolasjon, angst, mistrivsel, mobbing, sorg, skulefråver mm)
  • Overgangar mellom barnehage og skule og mellom grunnskule og vidaregående opplæring
  • Sakkunnige uttalar i høve til opplæringslova
      Døme på viktige samarbeidspartnerar:
  • Ulike kommunale tenester
  • Hjelpemiddelsentralen (HMS)
  • Barne og ungdomspsykiatrien (A-BUP)
  • Habiliteringstenesta (HABU)
  • Statlege kompetansesentra (Statped)

   

   

Sist endra: 15.02.2008 - Endra av: Halvard Skårdal



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Rådmann Bjarte Nordås - Redaktør: Arnhild Smeland
Teknisk ansvarlig og design: Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Åmli kommune og Nettkroken AS.