| Beskriving: |
Skuleskyss er ei lovpålagt oppgåve som blir regulert av Lov om grunnskolen og den videregåande opplæringa (opplæringslova) av 17. juli 1998 nr. 61 med tilhøyrande forskrifter.
|
| Kontaktperson/ saksbehandler: |
Kvar enkelt skule |
| Ansvarleg: |
Etter opplæringslova har fylkeskommunen ansvar for skuleskyss til grunnskule og vidaregående skule. Fylkeskommunen har eige reglement for skuleskyss: Reglement for skyss av elever i grunnskolen i Aust-Agder.
Planlegging og organisering av skoleskyssen skjer i samarbeid mellom kommunen/skuleavdelinga og transportøren i området.
|
| Kven har rett til tenesta: |
-
elevar på alle trinn som har det som kan karakteriserast som særleg trafikkfarleg eller vanskeleg skuleveg. Kommunestyret avgjer dette.
-
elevar som pga. mellombels skade treng skyss i ein begrensa periode.
- elevar som pga. permanent funksjonshemming treng skyss.
|
| Korleis få tenesta: |
Skulane har god oversikt over kven som har rett til fri skuleskyss.
Brukarar som av helsemessige grunnar har behov for skyss i ein begrensa periode kontakter skulen direkte. Ein må syte for erklæring frå lege.
|
|
Spørsmål om skoleskyssen må rettast til den skulen eleven går på.
|
| Lovgrunnlag: |
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
|
| Annen informasjon: |
Aust-Agder fylkeskommune
Reglement for skyss av elever i grunnskolen i Aust-Agder
|