om kommunevåpen fremsideheading


FRAMSIDE design skille ÅMLI BIBLIOTEK design skille TURISTINFO design skille KOMMUNALE DOKUMENT design skille SNU ÅMLI snu aamli
Tvedestrand Kommune Vegårshei Kommune Gjerstad Kommune Risør Kommune  
blank
Ledige stillinger Skjema og gebyrer Kva skjer? Innsyn (postlister / politiske møte) Kontakt oss

Åmli kommune
4865 Åmli

Tlf: 37 18 52 00
Fax: 37 18 52 09
E-post

Åpningstid:
08:00 - 15:00



Plan- og byggesak
Postadresse:
Åmli kommune
4865 Åmli

Telefon:
Sentralbord tlf. 37185200
Direkte tlf. 37185255

Besøksadresse:
Administrasjonsbygget

 

E-post: 
Postmottak@amli.kommune.no


Tor Hallvard Taxerås                                                         

Ansvarsområde
Byggesak, delingssaker og utsleppsaker.

Mål
Hovudmålsettinga for ansvarsområdet er at grunnareala i kommunen vert nytta i tråd med overordna målsettingar og at bygg og anlegg skal vere gode i bruk, trygge og estetisk godt utforma.

Lovverk
Byggesaker vert behandla etter plan- og bygningslova, men også andre lover som veglova, forureiningslova, delingslova osv. grip ofte inn i byggesakene.

Skjema
Søknadsskjema for byggesaker finn du her.

Tenester
Åmli kommune ser gjerne at byggherre/tiltakshavar tek kontakt på eit tidleg stadium for å klargjere føresetnadene for byggesaka. Det vil vanlegvis både byggherre/tiltakshavar og kommune vere tent med. Vi kan hjelpe til med; 
- avklare plansituasjonen
- skaffe kartgrunnlag
- oversikt over naboar (nabooppgåve)
- nødvendige skjema
- orientering om saksgang
- klarleggje kva for andre instansar saka må klarerast mot
- klarleggje eventuelle dispensasjonar


Plansida
Så godt som alle byggesaker har eit tilhøve til vedtekne planar, det vere seg kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplanar eller andre sektorplanar. Planane gjev ofte svar på;
- om bygging i det heile let seg gjere
- kva slags bygg/anlegg som er tillate
- føresetnadene for bygging
Det er difor avgjerande viktig for den som skal bygge å vite kva for plan som gjeld, og kva følgjer slik plan får for tiltaket. Første steg i ein kvar byggesak bør difor vere å avklare planspørsmåla med kommunen. (Diverre er bare eit fåtal arealplanar digitalisert, ingen er tilgjengelege på nettet. Ta difor kontakt med kommune).

Byggemelding.

1. Saker som er så små at kommunen ikkje skal ha melding:
- små enkle bygg i byggeområder på inntil 15m2, vedbod/leikestove osv (ikkje til overnatting)
- mindre fasadeendring som ikkje fører til at eksteriørkarakteren endrast
- innvendige vegger som ikkje har berefunksjon eller er brannskiller
- parkeringsplass til bustadeigedom
- andre tiltak av tilsvarande omfang

Merk: Tiltaket må tilfredsstille lov og forskrift. Kommunen treng altså ikkje melding, men det må avklarast med nabo.

2. Meldingssaker, sendast til kommunen for kontroll, behandlingstid inntil 3 veker.
- alle landbruksbygg (plan- og bygningslova § 81)
- oppføring av garasje, bod o.l. på eigedom der det frå før står bygg. Nybygg må vere på under 
   70m2, og kan ikkje nyttast til overnatting eller anna varig opphald.
- tilbygg til bustad eller hytte, under 50m2.

Ved melding må det normalt leggjast fram: eige skjema - nabovarsel - teikningar - situasjonsplan.

3. Full søknad, kommunen må gje byggjeløyve, behandlingstid, inntil 12 veker.
- gjeld alle tiltak som ikkje kjem inn under punkt 1 og 2.
- søknaden kan fremjast i eitt eller to trinn.
- for søknadspliktige tiltak er det krav om ansvarsrett for både prosjektering og utføring. 
- krav om kontrollplan dersom tiltaket er stort, uvanleg eller bygningsmessig utfordrande.

For søknadspliktige tiltak etter pbl § 93 må søkjar godkjennast av kommunen. Slik godkjenning gis vanlegvis til føretak som kan dokumentere tilstrekkeleg kompetanse (utdanning og praksis). Av de anbefalsat vanlegvis at privatpersonar tar kontakt med byggmeister, rådgivanede ingeniørfirma eller arkitekt for utarbeiding av byggesøknad.

Ved søknadspliktige tiltak må det normalt leggjast fram; søknadsskjema - skjema med opplysningar om tiltaket - nabovarsel - søknad om ansvarsrett med dokumentasjon - oversikt over alle aktørar med ansvarsrett - (kontrollplan) - teikningar - situasjonsplan. Seinare kjem stadfesting av at kontroll har funne stad samt ferdigkontroll.

Delingssaker
I forkant av ein byggesak kjem det ofte ein delingssak, dvs at ny tomt vert oppretta ved frådeling frå ein eksisterande eigedom. Dersom givareigedomen er eit gardsbruk skal landbruksstyresmaktene behandla saka etter jordlova. Det er vert å merke seg at frådeling i følgje plan- og bygningslova bare kan finne stad dersom føremålet med delinga lar seg gjennomføre. (Frådeling av ei hyttetomt i vasskanten vil til dømes ikkje verte godkjent av di ein i neste omgang vil måtte nekte bygging). Kontakt kommunen for søknadsskjema.

Utsleppssaker
Dersom det er innlagt vatn i bygget og avløpet ikkje kan koplast på kommunalt nett, må ein bygge eige avløpsanlegg. Tiltaket er styrt av forureiningslova med tilhøyrande "forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften). Separate avløpsanlegg skal godkjennast av kommunen etter søknad frå tiltakshavar. Søknadsskjema må gjere greie for utsleppet (type og omfang), reinsemetode, kapasitet, drikkevasskjelder i nærleiken osv. Søknadsskjema finn du her, med rettleiing. Kommunen skaffar situasjonskart etter førespurnad. 

 
Nedanfor er det omtalt nokre typar avløpsanlegg som kan vere aktuelle i Åmli:

Slamavskiljar med infiltrasjon.
Avløpsvatnet førast til salmavskiljar der tørrstoff fell til botnen. Vatnet førast vidare ut i spreiegrøfter der det vert fordelt til underliggjande lausmassar og "forsvinn" ned i undergrunnen som reint vatn. I Åmli har vi mange stader gode lausmassar som egner seg til infiltrasjon. Dersom slike anlegg er mogleg er det ein sikker og rimeleg løysing.

Slamavskiljar med sandfiltergrøft.
Avlaupsvatnet førast til slamavskiljar der tørrstoff fell til botnen. Vatnet førast vidare ut til toppen av sandfiltergrøfta, sig gjennom sanden og ned til botnen og vert der samla opp av eit drensrøyr for vidare transport ut til bekk eller elv. Dette er ein meir usikker løysing, og den krev bekk eller elv for å take hand om det "reinsa" vatnet.

Minireinseanlegg.
Er eit lite, prefabrikkert reinseanlegg som installerast innomhus, gjerne i kjellar. Finnast og utgåver som kan gravast ned i hagen. Treng strøm. Tørrstoffet må takast ut med jamne mellomrom. Reinsa vatn må førast bort, fortrinnsvis til bekk eller elv.

Jordreinseanlegg.
I dei seinare åra er der forska mykje på reinsing i jordreinseanlegg. Desse er førebels ikkje standardisert, og må planleggjast særskild i kvart tilfelle.

Tett tank.
Frå til annen tillet kommunen utslepp til tett tank, men bare der søknaden gjeld oppgradering av eksisterande bustad der andre reinsemetodar er utelukka eller fell urimeleg kostbart.

Gebyr
Gjeldande gebyrregulativ  


 

   

   

Sist endra: 09.03.2010 - Endra av: Tor Hallvard Taxerås



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Rådmann Bjarte Nordås - Redaktør: Arnhild Smeland
Teknisk ansvarlig og design: Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Åmli kommune og Nettkroken AS.