om kommunevåpen fremsideheading


FRAMSIDE design skille ÅMLI BIBLIOTEK design skille TURISTINFO design skille KOMMUNALE DOKUMENT design skille SNU ÅMLI snu aamli
Tvedestrand Kommune Vegårshei Kommune Gjerstad Kommune Risør Kommune  
blank
Ledige stillinger Skjema og gebyrer Kva skjer? Innsyn (postlister / politiske møte) Kontakt oss

Åmli kommune
4865 Åmli

Tlf: 37 18 52 00
Fax: 37 18 52 09
E-post

Åpningstid:
08:00 - 15:00



Elvarheim Museum
Postadresse:
Åmli kommune
4865 Åmli

Telefon:
37081406/37185200

 

Besøksadresse:
Elvarheim

 

E-post: 
postmottak@amli.kommune.no


mariann sletten - kulturkonsulent                                                    

Om Elvarheim Museum
Elvarheim Museum er eit jakt og fangstmuseum. Museet ligg på andre sida av Nidalva i forhold til Åmli sentrum. Den faste utstillinga på Elvarheim Museum tek for seg utnyttinga av skog og hausting i naturen. Grunnlaget for ustillinga er samlinga til jegaren og fangsmannen Aslak Harstveit frå Gjøvdal i Åmli.

På Elvarheim Museum kan du møte alle dei fire store rovdyra, bjørn, ulv, jerv og gaupe, samt mange av dei mindre rovdyrslaga. Du kan òg få sjå massevis av fellar, og saksar som har vore i bruk tidlegare. Eit nattrom syner fuglar og dyr som helst er aktive om natta. I fuglerommet er dei fleste fuglane i Åmli og Agder presenterte.

I beverrommet kan ein oppleve beveren i sitt eige miljø. I bjørnerommet kan ein sjå ein norsk brunbjørn. I dette rommet finn ein også ei rekke gjenstandar som har tilhøyrd den kjente bjørnejegaren Olav Tverrstøyl frå Åmli.

I knivrommet kan ein sjå knivsamlinga til Aslak Harstveit. Den inneheld meir enn 200 knivgreier. I eit eige rom i 2. etasje visast felemakarverkstaden til Sveinung Gjøvland.

Kvart år har museet eit temaustilling. Sommaren 2008 visar Elvarheim Museum ei utstilling om Emmy Hookham frå Åmli. Kvinna som vaks opp på eit småbruk i Åmli, men som endte opp i ein framtredande jobb i FN.

Mål
Museet har som mål å ta vare på og dokumentere den jakt og fangstradisjonen som har vore i Åmli.


Åpningstid
Sommaren 2008 er museet ope kvar dag frå 14. juni til 17. august. Museet opnar kl. 11.00, og er ope til 17.00.

I vinterhalvåret blir museet opna på førespurnad.

Større grupper bes ringe  i forkant.


Tenester
Åmli Bibliotek
Kulturskulen
Bygdebok
Ungdomsarbeidar
Kulturkonsulent

Eksterne lenker
Aust-Agder kulturhistoriske senter
Agder naturmuseum og botanisk hage



 Måren er ein vanleg gjest i naturen i Åmli...


 

   

   

Sist endra: 05.08.2008 - Endra av: Mariann Sletten



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Rådmann Bjarte Nordås - Redaktør: Arnhild Smeland
Teknisk ansvarlig og design: Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Åmli kommune og Nettkroken AS.