om kommunevåpen fremsideheading


FRAMSIDE design skille ÅMLI BIBLIOTEK design skille TURISTINFO design skille KOMMUNALE DOKUMENT design skille SNU ÅMLI snu aamli
Tvedestrand Kommune Vegårshei Kommune Gjerstad Kommune Risør Kommune  
blank
Ledige stillinger Skjema og gebyrer Kva skjer? Innsyn (postlister / politiske møte) Kontakt oss

Åmli kommune
4865 Åmli

Tlf: 37 18 52 00
Fax: 37 18 52 09
E-post

Åpningstid:
08:00 - 15:00



Kommunevåpenet
 Korleis motivet vart valt: 
Det vart utlyst ein konkurranse der bygdefolket kunne kome med framlegg til kva som skulle pryde kommunevåpenet i Åmli. Dei mest aktuelle her var motiv med sag og bever. Steinbrua i sentrum var òg eit alternativ, men bru var nytta av andre kommunar og var difor uaktuelt. Odd Einar Ufsvatn sitt forslag på bever vant.
Sølv bever på prosess-blå bakgrunn vart etter dette vald som kommunevåpen for Åmli kommune.
Litt om bakgrunnen for motivet:
På slutten av 1800-talet var beveren nesten utrydda i Europa. I Skandinavia var det berre att ein stamme på 60-100 dyr i Agder og Telemark, med hovudtyngde i Åmli. Etter første verdskrig auka interessa for bever ute i Europa. I Åmli fekk Sigvald Salvesen og Peder Jensen løyve til å fange og eksportere bever. Dei vart sendt til både Sverige, Finland og England, og seinare til andre europeiske land.
Aslak Harstveit tok over dette arbeidet i 1953. Det var òg han som prøvde ut den einaste fella som nå er tillate til beverfangst, for nå er beveren så talrik at ein igjen kan jakte på den. Aslak Harstveit har fått ei eiga avdeling om dette på Elvarheim Museum i Åmli sentrum.

Forskrift for bruk av kommunevåpenet
Åmli kommune fekk i 2009 ny grafisk profil. Profilhandboka kan du sjå her
   

Sist endra: 27.01.2010 - Endra av: Arnhild Smeland



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Rådmann Bjarte Nordås - Redaktør: Arnhild Smeland
Teknisk ansvarlig og design: Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Åmli kommune og Nettkroken AS.