|
|
|
|
FRAMSIDE |
|
ÅMLI BIBLIOTEK |
|
TURISTINFO |
|
KOMMUNALE DOKUMENT |
|
SNU ÅMLI |
|
|
Åmli kommune 4865 Åmli |
Barnevern
Ansvarsområde
Mål
Åpningstid
Lovverk Eit grunnleggjande prinsipp i dagens samfunn er at foreldra sjølv skal syte for barna sine. Barneverntenesten har som oppgåve å ivaretake dei mest utsette barna i kommunen når foreldre av ulike årsaker ikkje kan ivaretake ansvaret sitt. Barneverntenesten skal verne barna mot omsorgssvikt og motvirke at barna lider fysisk eller psykisk overlast. Dersom barneverntenesten blir kjend med at barn lever under forhold som kan gi grunnlag for tiltak har barneverntenesten ei lovpålagt oppgåve å straks undersøkje korleis barnet har det, og om nødvendig setje i verk tiltak. Barneverntenesten sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gis hjelp og støtte til foreldre og barn slik at foreldra skal kunne makte foreldreansvaret sitt, men barneverntenesten har og plikt til å gripe inn dersom hjelpetiltak ikkje nyttar.
Alle meldingar som kjem til barneverntenesten skal bli vurdert innan ei veke, og dersom det er rimeleg grunn til å anta at det kan gi grunnlag for tiltak skal meldinga undersøkjast nærare. Ei undersøking kan vare frå ein til tre månader. I særskilde tilfelle kan den utvidast til seks månader. Ei undersøking vil skje i samarbeid med foreldre og evt. barnet/ungdommen. Undersøkinga vil omfatte møter, heimebesøk og innhenting av informasjon frå f.els helsestasjon, barnehage og skule. Barneverntenesten i Åmli er med i eit interkommunalt barnevernsamarbeid, barnevernsamarbeidet i Østregionen (BIØ). Undersøkingar blir som hovudregel oversendt BIØ for undersøking. Dei kommunane som er med i BIØ er Åmli, Vegårshei, Gjerstad og Tvedestrand. Kvar av kommunane har ei 40% stilling i BIØ i tillegg til leiar.
Hjelpetiltak: Plassering utanfor heimen blir først vurdert dersom frivillige hjelpetiltak ikkje fører fram eller vurderast som nyttelaust. Eksterne lenkerBarne-, ungdoms og familietaten. http://www.bufetat.no/ Alarmsentralen for barn og unge. http://www.116111.no/ Bufetat, region sør, Arendal fosterhjemstjeneste. http://www.fosterhjem.no/
|
|||||||||||||
|
Sist endra: 01.09.2010 - Endra av: Arnhild Smeland Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her. Ansvarlig redaktør: Rådmann Bjarte Nordås - Redaktør: Arnhild Smeland. Teknisk ansvarlig og design: Nettkroken AS. Bilder og grafikk: Copyright © Åmli kommune og Nettkroken AS. |
||||||||||||||