|
|
|
|
FRAMSIDE |
|
ÅMLI BIBLIOTEK |
|
TURISTINFO |
|
KOMMUNALE DOKUMENT |
|
SNU ÅMLI |
|
|
Åmli kommune 4865 Åmli |
Dølemo oppvekstsenter
Dølemo Oppvekstsenter opna 01.01.2010 i nye, flotte lokaler på Dølemo. Skule: Skulen har elevar på 1. - 4. trinn. Dette året har vi 13 elevar. Dei kjem frå Dølemo og Tovdal. Skulen startar kl. 09.00 og sluttar kl. 14.35.Torsdag er fast turdag, der nyttar vi oss av den flotte naturen og dei mange idrettsanlegga som er her på Dølemo. SFO: SFO har ansvar for å gje elevane på 1. - 4. steg omsorgs- og fritidstilbod utanom den vanlege skuledagen, der leik og sosial læring er viktige element. Frå oppstart i januar er det nå eit fullverdig SFO tilbod på Dølemo Oppvekstsenter. SFO er ope i heile barnehageavdelinga si opningstid på onsdagar og i feriar: 07.30 – 16.30. På skuledagar er det tilbod om SFO frå kl. 07.30 – 09.00 og frå 14.35 (skuleslutt) – 16.30. Prisar: SFO i Åmli kommune kostar kr. 25,- per time. Foreldra betalar 40 kr. Månaden for mat/frukt på SFO. Det blir gitt tilbod om eit knekkebrød og litt frukt.
På onsdagar og i feriar er SFO saman med barnehagen og får frokost (dei som kjem før kl. 9) og lunsj samt eit lite frukt/knekkebrødmåltid på slutten av dagen. Dette betalar foreldra kr. 12,- per dag for, som foreldra til barnehagebarna.
Prisar: Barnehagen har søskenmoderasjon: 30 % for barn nr. to og 75% for øvrige.
Matpengar: Matpengar kjem i tillegg til pris for opphaldstid. Betaling 11.månader pr. år. Barnehagen har felles opptak i februar kvar år, med søknadsfrist 1. mars.Søknadsskjema finn du i venstremenyen: "Barnehageopptak". Ellers har vi opptak fortløpende gjennom året.
|
|||||||||||||
|
Sist endra: 26.05.2010 - Endra av: Arnhild Smeland Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her. Ansvarlig redaktør: Rådmann Bjarte Nordås - Redaktør: Arnhild Smeland. Teknisk ansvarlig og design: Nettkroken AS. Bilder og grafikk: Copyright © Åmli kommune og Nettkroken AS. |
||||||||||||||