Ansvarsområde
Ambulerande vaktmeister er eit tilbod til personar som treng hjelp til å utføre oppgåver i heimen for å tilrettelegge for ein praktisk og god livssituasjon.
Kven kan få hjelp:
Søkjar må ha hjelp av heimesjukepleia eller heimehjelp.
Søkjar må bu Åmli kommune
Søkjar må ha eit særleg hjelpebehov pga. sjukdom, alder eller andre årsaker.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for installering og vedlikehald av tryggleiksalarm
Ansvar for å levere og hente hjelpemidlar. Ha kontakt med hjelpemiddelsentralen og ansvar for kommunalt lager når det gjeld hjelpemidlar.
Måke snø og strø framfor inngangsparti
Bære inn ved
Fylle parafin
Ta heimebesøk etter ynskje frå heimespl/heimhjelp/brukar/familie får å vurdere kva som kan gjerast for at brukar kan bu lengst mogleg heime. Amb.vaktmeister skal ikkje utføre arbeid med å utbetre bustaden.
Informere om finansieringsordningar
Gebyr
For tenesten vil det vere same betaling som for heimehjelp. Det vil sei at den er justert etter inntekt til brukaren.
Brukarar med inntekt under 2G som kun nyttar seg av vaktmeister betaler kr. 50,- pr. time, med tak på kr. 155,- pr.mnd.
Lovverk
Tenesten blir gitt etter sosialtenesteloven §4-2 og §4-3.
Skjema
Søkandsskjema kan du få ved å vende deg til Ingrid Byggstøyl tlf: 37 18 52 80.