Sjukeheim - langtidsopphald

Beskriving

Langtidsopphald på sjukeheim er for deg som treng pleie og stell gjennom heile døgnet. Du må søkje kommunen om plass på sjukeheim. Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine. Normalt vil vi komme på heimebesøk. 
 
Hvis du oppfyller kriteriene for langtidsopphald, har du rett til å få eit skriftleg vedtak om dette, sjølv om det ikkje er ledige plassar.
 
Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. 

Oppdatert

26.07.2017 14:34

Kriterium

Kommunen skal ha ein forskrift med vilkåra for tildeling av plass på sjukeheim.

Pris

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

Handsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. Dersom du får avslag, så skal det grunngjevast.

Det kan hende at det ikkje er ledige plassar, sjølv om du oppfyller vilkåra for sjukeheimsplass. I så fall får du eit skriftleg vedtak fra oss om at du oppfyller vilkåra og du blir sett på venteliste.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Referansar

Sist endra 17.08.2017
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Laila Nylund

Leiar helse- og velferd
Telefon :37 18 52 82
Mobil :992 11 769
E-post :laila.nylund@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering