Heimesjukepleie

Beskriving

Heimesjukepleien gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Slik reduserast behovet for ein sjukeheimsplass. Tenesta kan til eksempel inkludere sårbehandling, personleg stell og medikamenthandtering.

Oppdatert

28.09.2017 17:14

Kriterium

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Pris

Tenesta er gratis.

Handsaming

Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Om grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.

Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimesjukepleie, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Referansar

Sist endra 29.09.2017
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Laila Nylund

Leiar helse- og velferd
Telefon :37 18 52 82
Mobil :992 11 769
E-post :laila.nylund@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering