Heimehjelp

Beskriving

Du kan søkje om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering, handling eller personleg stell.

Det kan vere hjelp til eigenomsorg og personleg stell, å bestille hushaldsvarar, eventuelt få desse levert på døra, å få levert varm middag eller kald middag for oppvarming, og hjelp til vask av klede, oppvask, husvask, vask av vindauge og eventuelt storreingjering.

Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.

Oppdatert

28.09.2017 17:13

Kriterium

Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.  Du har eit særleg behov for  hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. 
 

Pris

Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal tenesta vere gratis.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.

Referansar

Sist endra 29.09.2017

Kontaktinformasjon

Laila Nylund

Leiar helse- og velferd
Telefon :37 18 52 82
Mobil :992 11 769
E-post :laila.nylund@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering