Forliksråd

Beskriving

Forliksrådet nyttast for å løyse tvistar i mange saker. Det kan til dømes dreie seg om kjøpstvistar, erstatningskrav, nabotvistar eller tvistar i forretningsforhold. Først må du varsle den du ønskjer å gå til sak mot, skriftleg. Deretter må du levere forliksklage til forliksrådet - vanlegvis i den kommunen der klagemotparten bur. Du treng ikkje bruke advokat. Forliksrådet skal alltid prøve mekling mellom partane, og kan også i mange tilfelle seie dom. Både forlik og dom i forliksrådet har rettsverknad. Det tyder mellom anna at ei avgjerd i forliksrådet blir ståande dersom ho ikkje blir ført vidare til tingretten, og at ho kan tvangsfullførast via namsmannen.

Det er eit forliksråd i kvar kommune. Forliksrådet har tre lekfolk og like mange varamedlemmer. Medlemmene blir valde av kommunen for fire år om gongen.

Oppdatert

28.09.2017 14:05

Målgruppe

Personar eller firma som har eit krav mot ein annan person eller eit firma.

Pris

Rettsgebyrlova § 7 regulerer plikta til å betale gebyr.

Klage

Dommar i forliksrådet kan innan éin månad bli anka til tingretten. Det er avgrensa høve til anke for rettsforlik.

Mottakar

Forliksklage skal sendast til forliksrådet i den kommunen den innklaga bur eller har forretningsstad.

Vedlegg

Viktig dokumentasjon, slik som faktura, betalingsavtale o.l.

Rettleiing

Det er ein fordel at forliksklagen blir levert skriftleg, men du har også høve til å setje han fram munnleg ved personleg frammøte. I forliksklagen må du kort melde frå om kva du krev og kva som er grunnlaget for det. Du må dessutan gje opp utførleg namn og adresse til den som er innklaga.

Referansar

Sist endra 29.09.2017

Kontaktinformasjon

. Åmli Lensmannskontor

Telefon :37 18 50 00
E-post :post.agder@politiet.no
Login for redigering Login for redigering