Sikkerhet ved store arrangement

Å ha ansvaret for arrangement er ei omfattande oppgåve. Det er viktig at arrangementsleiinga startar arbeidet med sikkerheit og beredskap tidleg og overheld dei lover, reglar og søknadsfristar som gjeld. Ansvaret for sikkerheit ved arrangement kviler fullt og heilt på arrangørane, men kommunen ønskjer å informere og hjelpe arrangørane i arbeidet med å lage gode og trygge arrangement. Det er difor utarbeida ei sjekkliste som skal gjere det enklare for arrangørane å halde oversikt over dei lovar og reglar som må overhaldast.

Heimoverfestivalen - Klikk for stort bilete


Arrangement i Åmli kommune - sjekkliste for arrangørar


Arrangørar av store arrangement bør sette seg inn i DSB sin veileder for sikkerhet ved store arrangementer.
 

1. ROS-ANALYSE OG BEREDSKAPSPLAN


Store arrangement er definert som “arrangementer med store ansamlinger av mennesker og/eller med potensial for store ulykker” (DSBs veileder). Eksempel på store arrangement er marknader, stevne, festivalar, konsertar, idrettsarrangement osv. Felles for desse er at det er fleire personar enn normalt samla innanfor eit område i ein tidsavgrensa periode. Dette gjer risikoen for ulykker og uønskte hendingar større enn normalt, og konsekvensen dersom noko skulle skje større enn normalt.

Potensiale for ulykker avheng mellom anna av folketettheit, arrangementsstad, arrangementstype, rus og publikumstype/åtferd.
Det er viktig at arrangørar jobbar grundig med ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse) og beredskapsplan for arrangementet for å minske risikoen for ulykker og uønskte hendingar.

For å hjelpe til med dette har kommunen laga ein mal for sikkerhetsplan ved store arrangement (DOTX, 101 kB) til bruk for arrangørane.

Kriseleiinga i kommunen skal, i tillegg til politi/brannvesen/lege, varslast ved alvorlege hendingar. Arrangørane får utdelt varslingsliste frå kommunen. I tillegg må arrangørane sørgje for god intern kommunikasjon under heile arrangementet.

Utfylt sikkerhetsplan skal sendast til Åmli kommune i god tid før arrangementet. Beredskapsplanen bør evaluerast og ajourførast i etterkant av arrangementet.
 

2. MELDING TIL POLITIET


Politivedtekter for Åmli kommune

§ 25 Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad
“Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som i hovudsak er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande regulering av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.”

§ 26 Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.
“Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet. Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilstelning som i hovudsak er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.”

Melding til politiet skal minimum innehalde stad/adresse, evt. løyve frå grunneigar, tidspunkt, melding om musikk/støy og ønskte tiltak, (trafikkregulering, vakthald m.v.).
Politiet tlf: 02800

 

3. MELDING TIL BRANNVESENET


Brann- og eksplosjonslova

§7:
“Den ansvarlige for store arrangementer, utstillinger, forestillinger, møter og andre tilstelninger skal i god tid før arrangementet sende melding til lokal tilsynsmyndighet, dersom arrangementet skal avholdes i et byggverk eller på et område som normalt ikke benyttes til denne typen arrangementer”.

Melding til bannvesenet skal innehalde ein systematisk plan/brannstrategi som inneheld ein  brannteknisk plan for korleis sikkerheita ved arrangementet er ivaretatt. Denne skal minimum innehalde plan for eige slokkeutstyr, uttak for vatn til slokking, rømmingsvegar, brannvakter, ansvarsfordeling i forhold til varsling, slokking og evakurering, atkomst for brannvesen, søppelhandtering og spesielle risikoområde (frityr, store folkemengder m.v.).
Planen skal godkjennast av brannvesenet. Østre Agder Brannvesen tlf: 370138883.

 

4. SØKNAD OM BRUK AV AREAL/LOKALAR


Offentleg areal og friområde:
Leige av grunn må godkjennast av kommunen. Skriftleg søknad skal innehalde stad, tidsrom, type arrangement, arealbehov, samt behov for straum, vatn, kloakk, trafikkregulerande tiltak, parkeringsbehov m.m.

Privat grunneigar/utleigar:
Leige av grunn må godkjennast av grunneigar. Hugs renovasjon, vatn og kloakk, trafikkregulering og parkering.

 

5. MELDING OM MATSERVERING


Enkeltståande aktivitetar som inneber sal/omsetting av næringsmiddel med varigheit under ei veke, skal meldast til Mattilsynet ved bruk av eige skjema.

Kortvaring sal og omsetting av varer som ikkje inneber vidare helserisiko, slik som sal av pølser, vaflar, is, brus og kaffi treng ikkje godkjenning. Ein er likevel omfatta av matlova, og har plikt til å sørgje for at organisering og gjennomføring er slik at omsyn til reinhald og hygiene er ivaretatt:

  • Pass på at maten ikkje er forureina
  • Tilstrekkeleg kjøleinnretning må vere på plass
  • Ved oppvarming og steiking må temperaturen vere tilfredsstillende
  • Ta med nok kjelar og anna utstyr for å lage maten
  • Sørg for at utstyret du brukar er reint
  • Tilfredsstillande moleghiet for vask av hendene skal vere på plass. Dersom det er mangel på handvask, kan eingongsserviettar være et alternativ.

Kontakt Mattilsynet dersom du har mistanke om helseskadelege næringsmiddel.
Lov om matproduksjon og mathygiene
 

6. MELDING OM MUSIKK/STØY


Kommunen må vege omsyn til kulturutfalding og næringspolitikk opp mot omsynet til naboar og andre støyutsette. Kommunen regulerer kor mange arrangement og konsertar som kan gjennomførast på ulike lokalitetar der naboar kan utsettast for støy, i samsvar med forskrift om miljøretta helsevern §7.
Ansvarlege for arrangementet skal ta dei forhaldsreglar som er nødvendige for å førebygge, hindre og motverke at fare for helseskade eller helsemessig ulempe oppstår. Arrangør bør gjere ei førehandsvurdering av lydforhold, evt. gjere målingar av lydnivå og vurdere risikoen for overskriding av aktuelle grenseverdiar.
Det skal varslast om fare for støy til politet, kommunen og omgivnadene.

Politivedtekter for Åmli kommune §4:
“Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet.”

Frå 2011 føreligg Helsedirektoratets veileder: “Musikkanlegg og helse, veileder til arrangører og kommuner”. Verkeområde er møter, konsertar og festivalar, og gjeld lydforhold som kan medføre helseplager og helseskader. Veilederen gir spesifikke råd og anbefalingar med omsyn til lydnivå og lydvarigheit.

Forskrift om miljøretta helsevern

Veileder for musikkanlegg og helse

Politivedtdekter for Åmli kommune
 

7. REGLAR FOR PYROTEKNIKK/FYRVERKERI


Politivedtekter for Åmli kommune § 5:
“På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode å brenne av krutt, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve”

Det er gitt generelt løyve til avfyring av fyrverkeri i klasse II og III på nyttårsaften mellom kl. 18.00 og 02.00, dersom ikkje anna er bestemt.
Oppsetting og avfyring av fyrverkeri i klasse II, III og IV er ikkje tillatt i tettbygde strøk eller i nærleiken av tørr skog eller andre brannfarlege omgjevnader utan godkjenning frå brannvesenet.

 

8. LØYVE TIL SKJENKING AV ALKOHOL


Det må søkast om løyve for skjenking av alkohol for ein enkeltanledning. Slike løyve kan innvilgast administrativt av rådmannen.

Søknadsfrist for slik løyve er minimum 3 veker før arrangementet.
Festivalar o.l der det er forventa at det kjem mange menneskje må søkje i god tid før arrangementet, då det kan vere saka må opp i kommunestyret til handsaming.
Kommunen sendar kopi av søknaden til lensmannen for uttale.

Søknad om skjenkeløyve – ambulerande eller enkelthending

Sist endra 12.12.2016
Fant du det du leita etter?

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no

Jan Terje Jansen

Senioringeniør
Telefon :37 18 52 45
Mobil :916 70 019
E-post :jan.terje.jansen@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering