Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken er ei statleg støtteordning til kommunane som skal sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. Ordninga er administrert av Fylkeskommunen, og formålet er å legge til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det kan utviklast gode kunst- og kulturprosjekt lokalt innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Ordninga skal gje eldre eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei oppheld seg i dagliglivet.

Les meir på: http://www.austagderfk.no/vare-virksomheter/aust-agder-bibliotek-og-kulturformidling/kulturformidling/den-kulturelle-spaserstokken/

Åmli kommune har sidan 2013 valt å satse på tiltaket “Kulturtimen på Åpos”, som er eit gratis underhaldningstilbod på Åmli Pleie- og Omsorgssenter annankvar fredag frå kl. 17.00-18.00. Tilbodet er eit samarbeid mellom kulturavdelinga i Åmli kommune, Frivilligsentralen og Folkeakademiet i Åmli.
I tillegg til underhaldning av lokale og profesjonelle artistar, får publikum servert kaffi og nysteikte vaflar. Tilbodet er ope både for bebuarar på Åpos og alle andre, både unge og eldre. Noko av formålet med tiltaket er å opne institusjonen og trekke kulturen og Åmlisamfunnet inn.

Program for kulturtimen våren 2015 (PDF, 619 kB)

 

Sist endra 26.01.2015

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal

Rådgjevar/kulturskulerektor
Telefon :37 18 52 64
Mobil :926 29 512
E-post :tonje.ramse.traedal@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering