Spesialundervisning

Beskriving

Om du ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den vanlege undervisninga, har du rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev deg eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Du skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Oppdatert

24.05.2017 13:41

Kriterium

Skulen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak for å sikre deg eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) gjer ei sakkunnig vurdering.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Handsaming

Før det blir gjort ei sakkunnig og før spesialundervisning blir sett i verk, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

Referansar

Sist endra 17.08.2017

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jensen

PP-tenesta
Telefon :37 18 52 56
Mobil :906 97 641
E-post :elisabeth.jensen@amli.kommune.no
Login for redigering Login for redigering