Fann ein kommune med ekstrasørvis

Etter ein vinterferie i Noreg bestemte familien Helvensteijn-de Vette seg for å selje rekkehuset i Rotterdam og flytte til Åmli 

  • Me hadde eigentleg aldri tenkt å flytte til Noreg, men me var på ferie til Danmark ein sommar og då fekk me lyst til å reise lengre nord på neste ferie, fortel Barbra Helvensteijn-de Vette.

Barbara Helvensteijn-de Vette stortrivest i vinterlandet Noreg og bygda Åmli - Klikk for stort bileteBarbara Helvensteijn-de Vette stortrivest i vinterlandet Noreg og bygda Åmli

Før Noregsturen kom ho over ein blogg skriven av ei som hadde flytta frå Nederland til Vegårshei. Bloggen fortalde om livet på landet og i det kalde vinterlandet og Barbara blei fanga av teksten.

Familien Helvensteijn-de Vette var lei av livet i millionbyen Rotterdam, der dei budde i eit rekkehus bare 400 meter frå motorvegen. Det blei for hektisk, med kø overalt, folk overalt og ikkje minst, bilar overalt. Familien på fire ønska seg meir natur og meir plass.

  • Eg følte at folk ikkje tolde så mykje av kvarandre lengre. Mind your own business, liksom, forklarar Barbara.
     

Fekk ikkje lov å klatre


Utanfor huset vaks det offentlege tre, men då dei to gutane til Barbara og Raymond klatra i dei, sendte naboane dei vekk. Dei ville ikkje at trea skulle bli øydelagde.
Barbara og Raymond starta difor jakta på ei liv ein heilt annan stad.

  • Eg hugsar då eg var ei lita jente og me reiste på ferie til Austerrike og Tyskland. Eg syns dei som budde der var så heldige å få lov å bu med god plass og fin natur. Difor var eg alltid lei meg då me måtte reise heim, seier Barbra Helvensteijn-de Vette.


Til vinterlandetHunden Vince kosar seg i sofaen hos matmor. - Klikk for stort bileteHunden Vince kosar seg i sofaen hos matmor.


Vinterferien 2011 gjekk difor til Noreg, der dei hadde leigd seg ei hytte på ein gard i Åmli. Familien reiste på utflukter til kommunar som ønska seg tilflytting frå Nederland, men opplevde særleg ein stad at dei ikkje blei vist liten interesse.

Mannen der dei leigde hytta lurte på om dei ikkje ville vurdere Åmli? Han kjende ordføraren og kunne ordne eit møte. Neste dag sat dei på kontoret til ordførar Tellef Olstad og leiar av eining for samfunn, Kristin Mood, og fekk både lunsj og god omvisning i kommunen. Sjølv om barneskulen var stengt, kom vaktmeister og låste opp, slik at dei fekk sjå korleis alt såg ut.
 

Hyggeleg på SimonstadBarbara og familien valde Åmli på grunn av ekstrasørvis frå kommunen då dei viste interesse for å flytte til bygda - Klikk for stort bileteBarbara og familien valde Åmli på grunn av ekstrasørvis frå kommunen då dei viste interesse for å flytte til bygda


På grunn av god ekstrasørvis bestemte familien seg for å selje huset i Rotterdam og velje livet i Åmli. Alt i september same år flytta dei. Pappa Raymond hadde fått seg jobb på Bergene Holm og eit hus var til leige på Simonstad.

  • Folk på Simonstad tok så godt imot oss, hugsar Barbara.
  • Me hadde det heilt fantastisk. Då me skulle på norskkurs i Åmli, passa naboane ungane. Dei brøyta for oss og me fekk ofte besøk.

Det var ei hyggeleg tid, men huset var lite og alle aktivitetane for barna var i Åmli. Barbara overraska mannen med visning på eit hus i Århuskleiva, med fin utsikt mot Trogfjell, og der bur dei nå.
 

Rådyr i hagenSer du rådyra i nabohagen? - Klikk for stort bileteSer du rådyra i nabohagen?


Medan me sit ved kjøkkenbordet og pratar, er det plutseleg rørsle ute i naboens hage. Det er tre fine rådyr som et formiddagsmat under epletrea. Barbara listar seg til det andre vindauga for å få betre utsyn. Ho elskar dyr og har ein hund, to kattar og ein hamster heime. Bandet til Simonstad er framleis sterkt, og ho reiser dit så ofte ho kan for å stelle ein hest.

Jola feirer familien Helvensteijn-de Vette med norsk ribbe på joleftan. Det fyrste året i Noreg hadde dei kalkun, men året etter forlanga barna ribbe til middag og riskrem til dessert. Så blei det ribbe og riskrem etter den tid.

Sist endra 02.01.2018
Fant du det du leita etter?
INFORMASJONSTENESTA
Tlf: 37 18 52 00
Opningstid:08:30 - 15:00
post@amli.kommune.no
Adresse for besøk
Rådhuset
Postadresse
Gata 5, 4865 Åmli
Login for redigering Login for redigering