Lever ut gründerdraumen

Dei selde huset i Danmark og flytta inn i farmors gamle, koselege hus i Tovdal. Nå har familien god tid til kvarandre og til å leve ut draumar. 

Lise Lotte Fogt og Trond Johansson stortrivest i Farmors hus - Klikk for stort bileteLise Lotte Fogt og Trond Johansson stortrivest i Farmors hus

Rekkehuset i Århus blei selt på bare tre dagar. Dermed var det bare å pakke sammen sakene og flytte nordover til Trond Johansson si heimbygd. Han budde sine fyrste 14 år i Arendal, og hadde eit par ungdomsår i Tovdal. Lise Lotte Fogt Johansson derimot er ekte Århusjente, men ho synest livet i den vesle grenda er fantastisk.

  • All den plassen som me har her i forhold til det vesle rekkehuset i Århus, seier Lise Lotte.
     

Farmors hus - Klikk for stort bileteFarmors hus I farmors hus


I Tovdal bur dei i det gamle våningshuset på garden til farmor, Jørgine Ramse, eller Nina Johansson, som ho heitte som gift kvinne. Huset er blitt bruka som sommarhus og hytte dei siste tiåra, men fungerar fint som bustadhus for ein familie på fem. Store, gode rom inne og ikkje minst ein herleg uteplass med uendeleg av leikemoglegheiter for dei som er små.

Ingrid på seks år klatrar opp i fanget til mamma. Saman med fire andre barn går ho nå i første klasse på Dølemo skule, 15 kilometer unna. Ho stortrivest.

  • Og så har du to småsøsken?
  • Ja, men dei er jo ikkje gøye å leike med, dei er jo altfor små, forklarar Ingrid.

Ingrid kosar seg på mammas fang - Klikk for stort bileteIngrid kosar seg på mammas fang

Astrid på tre og Tuva på to år har lagt seg og Ingrid får kose seg oppe litt lengre sammen med mamma
og pappa.

I sommar har familien verkeleg fått testa det landlege livet. Å dyrke sin eigen mat har vore ein av draumane og i haust har familien hausta inn ei god avling av både poteter, jordskokk, gulerøter, raudbeter, bønner og erter.

  • Eg syns det var veldig moro, men luking tar tid, innrømmer Lise Lotte.
     

Tovdal Street Food
 

Økonomen Trond serverer danske smørrebrød - Klikk for stort bileteØkonomen Trond serverer danske smørrebrød Smørbrød med leverpostei - Klikk for stort bilete

 

 

 


Trond, som er økonom har starta opp sin draum om å arbeide med mat. I dag driv han Tovdal Street Food, der han i hovudsak sel danske smørrebrød frå vogn. Alt er heimelaga, frå rugbrød til eggesalat og dersom det er nok lokale råvarer å få tak i, brukar han det. På smørrebrøda kan det vere hjorteleverpostei frå Skjeggedal Vilt og i eggeslaten er det egg frå Grimstad. Trond elskar å fiske og når fangsten er god, blir det aure frå Tovdalsvatnet på smørrebrøda.

  • På ein god dag kan du få pålegg frå Grimstad, Tovdal og Skjeggedal, seier han og smiler.


Kreativ statsvitar


Lise Lotte er utdanna statsvitar, men er også ei kreativ sjel. Med å flytte til Tovdal fekk familien redusert sine daglege utgifter slik at både Lise Lotte og Trond kan prøve ut sine idear, sjølv om ungane er små. Begge har deltidsjobb ved sida, men det er god tid til å utvikle draumane.

  • Eg har ein pasjon for teikning, måling og ikkje minst kreativ forretningsutvikling, fortel Lise Lotte.

Ho arbeider med bedrifter som vil utvikle sine produkt, eller nye bedrifter som vil kome i gang. Ho er ein prosessfascilitator som lærer bedrifter å bruke kreative metodar for å utvikle idear.

  • Det er den høgre hjernehalvdel som blir stimulert, seier ho.

Det er denne delen av hjernen som blir utfordra når ho har teikneverkstad for barn også. Til dagleg har ho ei stilling i kulturskulen i Åmli, men blir også leigd inn til marknadar og andre, som ønsker ein kreativ verkstad for barn.

Dei to kan ikkje få fullrost dei som arbeider i Åmli kommune. Måten dei er blitt tatt imot på er heilt uvurderleg.

  • Me kom liksom rett frå gata og inn på kommunehuset. Der traff me jordbruks- og næringsrådgjevar Kari Hagestad Olstad og ho viste oss vegen vidare i byråkratiet, fortel Lise Lotte.
  • Me ønska og starte ei næring og fekk eit raskt vedtak, slik at me fekk kome i gang, legg Trond til.

Dei kom raskt inn i nettverk og fekk kontakt med dei rette folka med ein gong. Difor står no smørrebrødvogna til Trond ved banken og har utsal kvar fredag og Lise Lotte utviklar si kreative bedriftsrådgjeving. Begge to er spente på framtida og har gitt kvarandre to år på å teste ut sine gründerdraumar. Etter to år håpar dei å kunne sjå om draumane går an å leve av.

  • Å flytte til Tovdal har gitt oss moglegheita til å leve, og å prøve ut draumane. Me likar oss her i  denne vesle bygda, med god plass og god tid, seier dei to.
Sist endra 31.10.2017
INFORMASJONSTENESTA
Tlf: 37 18 52 00
Opningstid:08:30 - 15:00
post@amli.kommune.no
Adresse for besøk
Rådhuset
Postadresse
Gata 5, 4865 Åmli
Login for redigering Login for redigering